Solid trio på gutelaget

Leif Arild Teigen får med seg Frank Øyre og Espen Hestetun som trenarar for årets gutelag, Arne Furebotn held fram som oppmann for laget.

Frank Øyre blir med i
trenarteamet til gutelaget
 

Prøver seg som trenar

Frank Øyre har definitivt bestemt seg for at gjesteinntredenen forrige
sesong var siste opptreden i Jotun drakt. Gledeleg er det då at han
allikevel vil gå inn og gjere ein jobb for Jotun i trenarteamet til Leif
Arild Teigen på gutelaget.

Det er viktig for Jotun at spelarar som er ferdige med fotball karriera kan
gå inn og gjera ein jobb som trenar i aldersfastlagte klassar. På denne
måten kan me få ein kontuinitet som er viktig for ei vidare utvikling av
Jotun fotballen.

 

Går frå Jotun
II til gutelaget

Espen Hestetun som forrige sesong var trenar for Jotun II blir tredje mann i
denne trenargruppa, han har som kjent overlete ansvaret for Jotun II til Jan
Erik Luggenes og Per Inge Bale.

Gutelaget er godt i gang med treningane og har omlag 18 gutar i
spelargruppa, det bli meldt om stor treningsiver.