Spennande i Stryn

 

Dramatikk og underhaldning i stormkasta på Stryn stadion denne gongen.

Nils Tore rosar ungdommen for heilhjarta innsats.

Årdal stilte utan fleire av sine mest sentrale spelarar, ettersom Christian Stedje sona for gule kort, medan Ole Einar Rebni måtte holda seg heime på grunn av jobb. Fredrik Prestegård, Jørn Skjeldestad og keeper Bartek Deregowski alle er skadde.

Dermed var det duka for to debutantar i Rewar, som vakta buret, og Martin Hollevik, som melde overgang frå Jotun før haustsesongen. Av dei 16 som var med i troppen til Stryn, var 11 av dei nye i førstelagssamanheng samanlikna med sist gong me reiste til Stryn.

Det byrja med ein kalddusj då Stryn var oppe i 2-0-leiing etter berre eit kvarter, men me samla oss og kom sterkt attende. Først reduserte Ørjan Stedje Ylvisåker, sidan hadde me nok litt flaks då heimelaget sin målmann bomma på eit tilbakespel og ballen gjekk i mål like før pause.

Etter kvila var me langt, langt meir med i kampen enn i starten av første, og heldt fram dei gode taktene me viste mot slutten. Utover i andre omgang produserte me sjanse på sjanse, utan at marginane har vore på vår side.

Opptellinga etterpå viser at me har to mål annullert for offside. Samtidig banka Stryn inn 4-2-leiing etter eit frispark vel eit kvarter før slutt.

Stryn avslutta kampen med ti mann, ettersom ein av heimelaget sine spelarar vart sendt av bana med to gule.

Også mot slutten heldt me fram med å produsera sjansar, men det heldt ikkje heilt inn denne gongen. Samla sett har me likevel grunn til å vera nøgde med innsatsen, sjølv om me sjølvsagt helst skulle ha hatt med oss poeng heim.

Trenar Nils Tore Krosshaug er nøgd trass alt:

– Vil først gi Martin Hollevik(15) og Rewar Talib(16) ros for flott innsats i sin første kamp frå start. Martin gjer ein god kamp på høgrebacken med gode val, og Rewar gjer ein god kamp i buret og kan ikkje lastast for måla.

Dei to andre 16 åringane våre, Jonas Hestetun og Ole Morten Jevnaker skal og vera fornøgd med sin innsats, spesielt Ole Morten er begynt å ta for seg.

Me har flest sjansar i dagens kamp, og med betre effektivitetburde me scora to-tre mål til.

Stryn var effektive i dag,cutenom måla hadde dei kun eit par sjansar, den eine veldig stor, då ballen går i begge stolpar før me får avklart.

Måla imot kjem ved to høve ved at me har ball, men gir den vekk unødvendig.

Kynisme er eit stikkord her, rundt eigen boks.

Eg er nøgd med at me skapar mange sjansar og at spelet i forkant er veldig bra. Defensivt er det faktisk mykje bra, men dei personlege feila ved tre av scoringane trekker ned totalinntrykket.

Stryn vinn fortent, med bakgrunn av at det viktigaste i fotball er å score mest mål, er Kross the Boss sin konklusjon.

Årdal FK: Rewar Talib, Martin Hollevik (Brede Stedje Ylvisåker frå 63 min), Ørjan Stedje Ylvisåker (Per Sandnes frå 85 min), Edvin Hestetun, Ingi Hilmarsson, Ole Morten Jevnaker (Robin Moheim frå 76 min), Tim Teigen, Dan Erik Johannessen, Jonas Hestetun, Abbas Abdul Wahubu, Preben Strypet. 

På benken: Brede Stedje Ylvisåker, Per Sandnes, Rebin Badkan, Robin Moheim og Alexander Lindkvist.

1-0 11 min Mathias Eikenes

2-0 15 min Jon Terje Tjellaug

2-1 23 min Ørjan Stedje Ylvisåker

2-2 43 min sjølvmål

3-2 57 min Mathias Eikenes

4-2 75 min Stryn