Stiller sterkt i 6.divisjon

– Me er veldig glade for at me kan stilla eit mannsterkt lag, seier leiar Geir Kjetil Øvstetun.

Tidlegare i vinter herska det noko tvil om det i det heile tatt vart mulig for oss å stilla lag i sjettedivisjon, men etter eit informasjonsmøte ÅFK-leiar Geir Kjetil inviterte til 3.april var konklusjonen klar: Me stiller!

– Møtet gjekk veldig fint. Det møtte opp 12 spelarar, i tillegg til at tre-fire hadde meldt forfall, men gav beskjed om at dei er med på laget. I tillegg kan me bruka spelarar frå førstelagstroppen og gutespelarar, seier Geir Kjetil.

Der me i fjor spelte kampar mot lag som blant anna Eikefjord, Breimsbygda, Hyen og Sandane, er årets avdeling heilt annleis. Her spelar me mot Høyang 2, Kaupanger 2 og Studentspretten 2.
– Dermed blir det mykje mindre reising og mykje kortare turar, noko som passar oss betre, meiner Geir Kjetil og legg til at kampane til ÅFK 2/Jotun/årdalstangen i all hovudsak skal forsetta å gå på Cuba.

Her snakkar me om to turar til Sogndal og ein tur til Høyanger på vårparten og ein tur til Høyanger og to turar til Sogndal og Kaupanger på hausten.

Førebels trenar laget til litt uregelmessige tider mens me ventar på at grasbana skal opna.

Seriestart er borte mot Kaupanger 24.april.