Storeslem for Supermann

Robin Moheim sopte med seg heile tre utmerkingar under den tradisjonelle fotballfesten på Klingen.

Meir om dette og opptil fleire andre høgdepunkt her!!

Det hagla med heider, ære, lovord, stormande jubel og ei lang rekkje prisar under den tradisjonelle festen som markerer slutten på sesongen.

Til seansen på Klingenberg var både spelarar frå alle tre laga våre invitert, saman med trenarar, sponsorar, styremedlemmar og ein heil del andre støttespelarar som kvar på sine vis gjer det mogleg å driva ein fotballklubb på dette nivået.

Den gjevaste utmerkinga av dei alle, nemleg Årets spelar 2013, gjekk til Brede Stedje Ylvisåker – for andre året på rad.

Årets spelar for andre året på rad, Brede Stedje Ylvisåker.

– Dette er ein spelar som har spelt høgreback, venstreback, midstoppar, sentral midtbane, høgre-og venstrekant, han har spelt i alle posisjonar utanom den han kanskje ynskjer seg mest sjølv, men neste år får me sjå om det ikkje byr seg ein moglegheit for å spela spiss og, sa trenar Ivan Øy, då ein svært overraska Brede vart jubla fram for å ta i mot prisen.

– Nei, dette hadde eg no aldri forventa. Ikkje før dei begynte å ramsa opp alle posisjonane begynte eg å skjønna at det kunne vera meg i år igjen, seier ein særs godt nøgd og elles ordknapp Brede.

 

Vel fortjent, meinte leiar Geir Kjetil om årets spelar i 5.divisjon, Kjetil Karlsen.

Kjetil Karlsen fekk den same utmerkinga i 5.divisjon, noko leiar og trenar Geir Kjetil meinte var fullt fortjent.

– Me har mange spelarar som står på og legg ned utruleg mykje innsats, men Kjetil har – i tillegg til å vera god på bana – også vore eit godt førebilete for andre spelarar. Han gjer hundre prosent i trening og på kamp og stiller opp for oss om han så må bruka feriedagar for å få det til, slo GK fast.

Toppskårar i 3.divisjon, Preben Strypet, var ikkje til stades under festlegheitene, men sa via ein talsmann at han er svært glad i klubben og takksam for alle dei mogheitene han får til å skåra bortimot 20 mål per sesong.

– Og det seier seg sjølv, det er utruleg viktig for oss å ha slike spelarar, konkluderte prisutdelar Geir Kjetil.

Toppskåraren i 5.divisjon, Robin Moheim, har skåra heile 23 mål på dei sju kampane han har spelt, noko som tilsvarer eit snitt på 3,28 mål per kamp. Han gjorde for øvrig skikkelig storeslem under festen ettersom han fekk med seg to andre prisar i tillegg til toppskårartittelen:

SMIIIIIL!! Robin Moheim veit å kalla fram smil og latter med gode kommentarar.

Årets kommentar fekk han for eit godt råd han kom med til bussjåfør Åge under ein tur vestover i vår, og Årets Supermann fekk han etter å ha sanka saman poeng i øvingar som symjing, spydkast, orientering, tautrekking, golf og fleire andre. Premien var eit gåvekort pålydande 3000 kroner, i tillegg til ein Smil-sjokolade og den flotte statuetten.

 

Arne Hovland ser alle kampane våre og vart vel fortjent kåra til årets supportar. Takk for ditt engasjement og di støtte, Arne!!

Arne Hovland vart kåra til årets supportar.

Edin Øy vart ikkje overraskande kåra til årets mest uheldige.

Årets mest uheldige: Edin Øy.

Edvin vart kåra til årets klovn - årets humørspredar.

Edvin Hestetun vart også i år årets humørspredar – årets klovn.

Joacim Styve og Bjørge Kilen fekk heider og takk for å stå bak årets supportarsang!

Tusen takk til Joacim Styve og Bjørge Kilen for å ha medverka sterkt til at klubben endeleg har fått sin heilt eigen supportarsang!

Jan Are Øvstetun, Morten Skarsbø og Harald Husabø har ivareteke guttelaget til ÅTIL/Årdal - og fekk tusen takk for det!

Tusen takk til Jan Are Øvstetun, Morten Skarsbø og Harald Husabø for jobben dei gjer med gutelaget ÅTIL/Årdal!

Lasse Lereng er årets haurdhaus!

Lasse Lereng er årets hardhaus! – Når du gjer hundre prosent i alle duellar, blir det også ein del kort, slo trenarteamet fast.

Martin Severin Gullaksen vart kåra til årets mest framgangsrike spelar.

Martin Severin Gullaksen er den spelaren som har hatt mest framgang i 2013!

Roger Kleiva representerte styremedlemmane som har lagt ned ein strålande innsats gjennom sesongen og fekk påskjønning for det.

Styremedlem og frukostkokk Roger Kleiva fekk lovord som takk for maten.

Årets billetørar: Torleif Lægreid og Jarle Hovland.

Torleif Lægreid og Jarle Hovland er mellom dei trufaste billettørane som alltid stiller opp for oss.

Terje Buhaug og Ole Petter Løvdahl er blant våre aller mest trufaste støttespelarar – tusen takk for innsatsen!!

Årets massør i særklasse: Marit Bukve!

Marit Bukve er årets massør!

Årets mål vart skåra av Christian Stedje mot Sogndal på Fosshaugane.

Årets mål vart skåra mot Sogndal 2 på Fosshaugane av Christian Stedje.

Årets speaker: Terje Solheim

Året speaker, Terje Solheim, har lagt ned ein kjempeinnsats, ikkje minst med å skaffa nytt lydanlegg til stadion. Tusen takk, Terje! MOT!!

Julian Kvam fekk ei særskild påskjønning frå trenar Geir Kjetil for å ha utvist svært gode haldningar i årets sesong.

Julian Kvam fekk ei særskild påskjønning frå trenar Geir Kjetil for gode haldningar og stå-på-vilje i årets sesong.

Målmann Preben Gilleshammer: årets stivaste.

Årets stivaste: målmann Preben Gilleshammer!

Årets unge spelar: Truls Hovland

Truls Hovland: målretta, treningsvillig og i rasande utvikling. Ikkje overraskande vart han kåra til årets unge spelar…

… medan mammaen hans, Kirsti Gulbrandsen, vart kåra til årets kjøkkensjef!

Årets trenarar: Ørjan Stedje Ylvisåker, Geir Nordnes, Ivan Øy, Frank Øyre og Geir Kjetil Øvstetun. Ein kjempegjeng som legg ned eit stort og viktig arbeid for klubben.

Geir Kjetil Øvstetun er i særklasse den som legg ned aller flest arbeidstimar for Årdal FK, slik har det vore i ei årrekkje. Han var også den som delte ut mest heider og ære, gåver og lovord under festen, og fekk blomar og fiskeutstyr i gåve som takk.

Som leiar og trenar har han ein finger med i det meste som går føre seg.

– Utan ditt engasjement, din innsats og vilje til å stå på for å styrka klubben som samlingspunkt, som utviklingsarena for unge spelarar og som fellesnemnar for bygda, hadde det ikkje vore mogleg – tusen takk!

Til sist ei aldri så lita oppsummering av små og store øyeblikk i sesongen som gjekk: