Storskåraren Strypet


Forrykande sluttspurt av vår eigen Strypet førte til at Preben deler årets toppskårartittel med Asbjørn Tenden på Stryn.

Heile 7-1 vann Årdal over Høyang på Sletta i Høyanger laurdag ettermiddag.
Preben opna skåringballet etter eit knapt minutt, medan Tim Teigen og Ole Gunnar Hunderi var snare om å melda seg. Dei to skåra til saman fire mål i kampen.

Med sine 25 mål er Preben Strypet dermed toppskårar i Firdaligaen saman med Asbjørn Tenden, som skåra ein gong mot Selje søndag ettermiddag og dermed også vert ståande med 25 nettkjenningar.

Gratulerar til Preben!!!

Johann Traustason vart bytta ut og sendt til legevakta for ein nærare sjekk.
Johann har ved eit par høve kjend seg svimmel etter skaden han pådrog seg i kampen mot Førde II tidlegare i haust. Han vart også bytta ut i forrige kamp av same grunn.

På legevakta var Johann  framleis ein smule omtåka og legen fann det klokast å senda han til sjukehus i Førde for ein enda nærare sjekk. Han blir liggande til observasjon utover søndagen, melder sportsleg leiing.

Me kjem attende med meir frå Høyang-kampen.
I mellomtida kan du sjå korleis det arta seg på Porten.no-si live-oppdatering.