Støtteapparat

Me er så utruleg priviligerte at me har ein gjeng eldsjeler i klubben som alle er viktige brikker i det som er heilskapen Årdal FK.

Dette er folk som alle legg ned stor innsats på fleire ulike område, folk som alle bidreg med sitt til gagn for spelarar, trenarar, publikum og sponsorar.
Titlar er me lite opptekne av, for me har ein heil tropp av altmulig- menn og damer som har kompetanse på fleire område.

Ole Petter Løvdahl og Terje Buhaug har vore ein del av klubben i mange år og er fast inventar på benken når me spelar kampar. Dei stiller alltid opp, seier aldri nei – og har dessutan lagt bak seg ein heilt del kilometer i klubbussen. Både Terje og Ole Petter er United-fans og går såleis aldri av vegen for ein god diskusjon om fotball.

Åge Sem Johansen, legendarisk målmann med eit engasjement det går gjetord om. Som aktiv spelar var Åge høgt og lågt på bana – og var dessutan i besittelse av evner som gjorde at han kunne dømma kampar han sjølv spelte. På Jotun stadion er Åge framleis høgt og lågt anten han merkar bana, jobbar i sekreteriatet eller tek eit tak med flagg eller fløyte.

Erling Sæbø, Jan Erik Eide og Bjørn Øvstetun har alle lang fartstid på Jotun stadion og syter for at alle som kjem på besøk på Jotun stadion kjem seg like heile og nøgde derifrå.
Ettersom både våre eigne og dei gjestande laga sine supportarar er av det svært så fredelege slaget, har desse karane ofte rolege dagar på jobb og tek difor gjerne på seg ekstraverv som ballgutar og bidreg dessutan med fotballfagleg ekspertise.

Terje Solheim er vår faste speaker og har som regel noko han skulle ha sagt om det aller meste. Som tidlegare langrennsløpar og friidrettsutøvar har Terje store mengder kunnskap om sport. Det at han er lidenskapeleg Leeds-fan vitnar kanskje ikkje like mykje om kunnskap, men derimot om engasjement – og der spelar Terje i eliteserien. Engasjement er dessutan eit viktig stikkord når det gjeld Terje si interesse for musikk – det er nemleg det som gjer at heimekampane våre, både på Cuba og på Jotun stadion –  rett og slett rockar!

Torleif Lægreid, Jarle Hovland, Egil Arne Svinø og Alfred Breivik har alle teke på seg den viktige oppgåva med å skaffa inntekter til klubben. Billettørane våre er såleis også dei blide fjesa du møter når du kjem til Jotun stadion. Seg i mellom har denne gjengen lang erfaring og mykje kunnskap, så om du har spørsmål om fotball eller er på jakt etter treningstips, nøl ikkje med å spørja!

     

Me har også det som kanskje er verdas mest engasjerte klubbfotograf i Elin Hæreid. Utan at det finst heilt nøyaktig forskning på området, kvir me oss ikkje for så slå fast at me er den mest fotograferte klubben i heile landet, uansett divisjon. Det skuldast i stor grad Elin som er den som i aller størst grad syter for at kvar einaste pasning me gjer i heimekampsamanheng vert dokumentert fra alle moglege vinklar. 
Det er godt mogleg at me spelar i 4.divisjon, men bilda våre er utan tvil i verdensklasse!

Hjertene på Jotun stadion

modrene-va%cc%8are

Kan du gjera greie for forskjellen på smørkrem og glasur samtidig som du vaskar sveitte sokkar og legg offsidefeller?
Ikkje det?
Møt mødrene våre. Dei kan.

Du trudde sikkert at det er på benken og i garderoben at engasjementet rundt laget, klubben og kampane er aller størst.
Du tek feil.

Du trudde sikkert også at det er frå benken eller på tribuna at du har best oversyn over alt som skjer på bana, og difor oftast er betre kvalifisert enn dommaren til å avgjera kva som faktisk skjedd – og kva som bør dømmast.
Du er heilt i skodda.

Kan du gjera greie for forskjellen på smørkrem og glasur samtidig som du vaskar sveitte sokkar og legg offsidefeller?
Ikkje det?
Møt mødrene våre.
Dei kan.

Det er nemleg i kiosken det skjer.

Det er kiosken som er sjølve hjertet på Jotun stadion, den suverene operasjonssentralen, der mødrene våre lett mettar 200 tilskodarar per kamp med vafler, is, kaker og kaffi samtidig som dei har stålkontroll på pølsegryta, gule kort, innbytte, taktskifte og formasjon.

Visste du for eksempel at mødrene våre jobbar utifrå eit avensert system som gjer at dei til ei kvar tid har både sjokoladekake, gulrotkake, vafler og minimum ein sort gjærbakst – oftast fleire – tilgjengeleg for sal?

Visste du at mødrene våre også har eit par andre trufaste medhjelparar i kiosken – for ikkje å snakka om opptil fleire bestemødre som leverer bakverk til kvar einaste heimekamp?

Visste du at mødrene våre har ei svært hemmeleg gruppe på Facebook der dei konspirerer om baking, kaffikoking –  og dessutan ein heil del andre ting som absolutt ikkje eignar seg for ålmenta?

Var du klar over at mødrene våre har drege inn titusenvis av kroner til klubbkassa med dei fantastiske evnene sine?
Og at dei i tillegg bidreg med uvurderlege mengder sjarm?

Visste du at veggane i kiosken faktisk er lydtette – og at det sikkert er lika greitt?

Viss ikkje, kan du ta deg ein tur i kiosken på neste heimekamp der dei som er best utan ball – men som me absolutt ikkje greier oss utan – står klare til å gjera sitt for at du skal trivast på stadion.

Og viss du har lyst til å vera med oss i kiosken eller baka til kiosken, er du hjerteleg velkommen!
Ta kontakt med Kirsti Gulbrandsen, mamman til Truls og sjefsmor i kiosken på telefon
99583607 eller epost kirsti.gulbrandsen@mail.ardalsnett.no

Velkommen til Jotun stadion!
Kjøp deg eit ekstra kakestykkje mens du er der og gje mødrene våre ein tommel opp, eit lite heiarop og kanskje ein klem.
Fordi dei fortjener det!

kirsti-sjefsmorunni-hesjedal

 

 

 

 

 

modrene-va%cc%8are-3modrene-2