Stryn keeper til Oslo?

Jotun Årdalstangen FK kan risikere å møte Stryn keeper Kjell Petter Opheim i Oslo Øst drakt til våren. Spelaren er aktuell for Lyn som har eit samarbeid med Oslo Øst.

Frå oppgjøret Jotun – Stryn som enda 5-1

Kjell Petter Opheim har avslutta sitt andre treningsopphald i Tippeligaklubben
Lyn, no ynskjer Lyn ifølgje Stryn sine nettsider og skrive kontrakt med den
talentfulle keeperen.

– Den foreløpige planen er at eg skal flytte til Oslo og skrive kontrakt med
Lyn, men leigast ut til 2.div-klubben Oslo Øst. Likevel skal eg trene med Lyn
eit par gangar i veka, slik at Espen Granli kan trene og løfte meg opp på det
nivået som er ynskjeleg seier Opheim til Stryn-fotball.com.

Dette betyr at
Kjell Petter Opheim kan risikere å få bryne seg på årdøler også i år, heile 8
ballar plukka han ut av nettet i oppgjøra med Jotun forrige sesong.