– Surt å stå på sidelinja


Johann Traustason snakkar ut om trongen til tørrfisk og det fyrste traumatiske møtet med Sogn. 

 

Johann Traustason (29) kom til Årdal ved påsketider med erfaring frå den øverste divisjonen KSI på Island, då han spelte fast for fyrstedivisjonslaget Þór.
Til no har han vore fast inventar på fyrstelaget, og har scora fem mål for Årdal i tredjedivisjon. Sjølv er han ikkje heilt nøgd med eigne prestasjonar.
– Eg er ikkje nøgd, nei. Eg har heller ikkje scora seks mål, som det står på Firda sine sider, seier ein ærleg Johann.
-Eg er vorte kreditert eit mål som Tim Teigen har scora. Men eg har scora to mål på hovudet denne sesongen, det er noko eg er uvand med, så det er jo kjekt.

Best på topp
Johann er ein offensiv spelartype med mange kvalitetar. Sjølv er han audmjuk når han blir spurt kva som er hans sterkaste eigenskap.
– Før var det nok farta mi, må eg seie. No er det nok speleforståinga, det har vel kome med alderen, trur han.
Nils Tore har brukt Johan både som kant og spiss, men sjølv meiner han at han er best som spiss.
– Eg trivst best på topp, men eg likar meg òg på kant.

Må operera
Diverre for Johann og ÅFK har han gått glipp av dei siste kampane for Årdal grunna jobb og skade. Johann vart skada på trening. No skal han operera menisken om to veker og blir ute til midten av august. Det betyr at han går glipp av toppkampen mot Førde på Jotun stadion 2. august.
– Det er veldig kjedeleg. Eg hadde håpa å kunne revansjera det sure tapet for Førde, seier han. Eg er sikker på at me vil vinna om me har dagen, fortel han vidare. 

– Eg er passe nøgd med femteplass før sommarpausa. Eg meinar me har god nok stall til å vinna denne divisjonen, dessutan ligg laga tett som hagl opp til andreplass.

– Kvar er ÅFK å finna på tabellen når serien er slutt?

Hovudmålet mitt med opphaldet I Årdal FK er å rykka opp til 2. divisjon. Det kan verte for tidleg i år, og håpar på at me vil kunne bli blant dei tre beste, seier han og smiler litt av sitt første møte med klubben. 

Tøffe tak
– Då eg kom til Årdal for fyrste gong, var eg på stadion til klokka fire på ettermiddagen. Eg hadde fått beskjed om at treninga skulle starte klokka seks. Då hadde eg reist heile natta i førevegen, eg var trøtt og sliten. På treninga skulle eg visa meg fram, eg skulle jo kun vere her i fire dagar og måtte overbevise trenarane i klubben. Det starta med at me spelte åtte mot åtte i over ein time, eg var heilt ferdig. Dagen etter sprang me med bildekk etter oss, og Nils Tore sto og skreik på sidelinja. Eg kan seia deg at eg aldri før har hatt so store smerter i muskulaturen som etter denne veka. Eg var rett og slett heilt knust, det er det verste eg har vore med på, flirer han.

Ikkje nok med det, så var reisa lika traumatisk som det treningsveka har vore for Johann.
– Det verste minnet kom på same tur. Eg hadde reist klokka fire om natta frå Island til Oslo. Frå Oslo til Sogndal sovna eg heldigvis på flyet. Men då eg vakna fekk eg ei ekkel oppleving. Det var turbulens, eg såg ut vindauga, der såg eg kun skog, eg såg opp og der var det berre fjell. Eg tok hovudet i fanget og venta på at me skulle krasja. Plutselig rulla hjula ut og me landa på Haukåsen, humrar han.

Kva er ditt beste fotballminne?
– Beste fotballminne må vera då eg spelte for å overleva i fyrstedivisjon på Island. Me vann dei to siste kampane, den siste kampen scora me rett før slutt og berga plassen, det var ei god oppleving.
– Og sjølvsagt var det minnerikt å koma til Noreg på prøvespel. Det er nok det mest minnerike, sidan det òg er fyrste gong eg er i Noreg, som etter eige utsegn byrja ganske seint med fotballen. 

– Dei fleste byrjar når dei er fem