Surt tap for ÅFK II

 

Me greidde til slutt å tapa ein kamp me lenge hadde god kontroll på.

 

Gaular-Årdal FK 2  måndag 14.06.2010

Gaular stadion

 

 

Resultat 4-3 (1-2)

 

1 – 0   10 min

1 – 1   25 min Johan Traustasson

1 – 2   40 min Ole Morten Jevnaker         

1 – 3   49 min Rebin Badkan

2 – 3   55 min

3 – 3   60 min

4 – 3   80 min

 

Gult kort ÅFK II: Johan Traustasson

 

Dommar: Jarle Andersen, Syril

 

Lagoppstilling: Rewar Talib, Mats Andre Jevnaker, Per Sandnes, Kjetil Karlsen, Trond Hjelle Volden (Ruben Aspeseter frå 60 min), Ole Morten Jevnaker, Fredrik Prestegård, Daniel Eide, Jonas Hestetun, Johan Traustasson , Rebin Badkan (Robin Moheim frå 67 min)

 

Me starta kampen variabelt og var rufsete dei fyrste 10 minuttane. Målet til Gaular kom etter eit frispark frå eigen banehalvdel, der me rygga inn i mål og dei fekk stussa ballen i nettet. Etter dette kom me stadig meir med i kampen og utlikna etter 25 min då Johan sette eit innlegg frå Ole Morten kontant i nettet.

 

Daniel var stadig ein trussel på høgrekanten i 1.omgang og serverte til slutt eit flott innlegg som Ole Morten stuphedda i mål. Me gjekk til pause med ein fortent 2-1 leiing.

 

Byrjinga av 2.omgang, starta godt og Rebin sette ballen kontant til side for keeper etter eit langt oppspel. Dei neste fem minuttane hadde me sjansar til å auke leiinga, men greidde ikkje sette ballen i mål.

 

Etter dette snudde kampbildet totalt. Pasningane vart dårligare, duellspelet forsvann, løpa forsvann og me serverer Gaular sjansar på løpande band, noko som til slutt gjer at me tapar kampen.

Trist, og totalt unødvendig.

 

Fyrst og fremst slit me med å stille opp i duellspelet, dette gjeld både forsvarsfiraren og midtbanefiraren. Samstundes er me dårlege på å avklare ballar når dette er naudsynt.

 

Me får vise oss frå ei betre side på torsdag.