Surt tap i siste kamp


Men jubelen ville ingen enda ta på Jotun stadion i dag.
Den verkelege kampen stod mellom våre gjester frå Jølster og Pondus-laget Dale, som før siste serierunde låg likt med 45 poeng kvar. Dale hadde likevel langt betre målforskjell enn Jølster, og ville med siger over Saga ha snappa opprykksplassen uansett utfall i Årdal.

Det har også vore ein heil del bråk omkring Jølster-leiren den siste veka, etter at dei tilbydde seg å betala for at Dale sin motstandar, Saga, kunne henta heim keeperen sin til kampen.

Denne karen gav oss ein del trøbbel bakover i dag. Trond Vegard Ripe skåra to av måla til Jølster.I siste ende henta Saga sjølv heim målvakten sin, det er noko uvisst om det hadde direkte innverknad på kampresultatet, men Jølster tok aboslutt ingen sjansar og valde å gjera jobben sjølv.

5-4 vart det til slutt på krøllgraset på denne aller siste kampkvelden i sesongen. Etter kvart som meldinga kom om at Dale hadde spelt seg ut av opprykkskampen, slapp jølstringane jubelen laus og feira både siger og opprykk saman med sine tilreisande supprtarar. Desse telde rundt 15 småfrosne sjeler som tidvis gav lyd frå seg på sidelinja – spesielt dei siste fem minuttane etter at det vart klart at Dale hadde tapt.

Me kjem attende med referat frå kampen litt seinare. I mellomtida er det berre å gratulera Jølster med opprykket. 5-4-siger blir det nok ikkje fleire gonger, men Jølster er sjølvsagt velkommen attende på Jotun stadion neste sesong.