Suveren siger i KM

Årdal FK spelte seg heile vegen til topps i KM-turneringa –  utan å sleppa inn eitt einaste mål!

Foto: Leander Øy

For ein gjeng! For eit lag! Eg er berre skikkeleg imponert over den innsatsen desse karane la ned i dag, seier trenar Ivan på veg heim frå KM innandørs på Sandane med ein schwær pokal.

Den sikra Årdal Fk seg for andre året på rad med dette laget, som i år spelte i klassen G19.

Og det er sjøvlsagt ikkje utan grunn at trenaren er imponert, for å prestera å ta seg til finalen for så å vinna ein KM-turnering ved å spela seks strake kampar utan å sleppa inn eit einaste mål, er berre rett og slett fantastisk.

Foto: Leander Øy

– Heilt utruleg fortjent tittel, dette var stort, seier Jan Kåre, som også legg til at det var først i dei siste to kampane at me slepte motstandarane våre til med ein og annan sjanse.

– Det er gøy å vinna KM, men det er spesielt at det skjer uten å sleppa inn eitt einaste mål, seier han!

– Eg er mektig imponert over spelarane våre, dei sprang og dei sprang og dei sprang – dette var enormt, oppsummerer Ivan.

Eit godt nøgd trenarteam, der altså.

Foto: Leander Øy

Slik ser vegen til KM-tittelen ut:

Årdal FK – Jølster        4-0

Årdal FK – Balestrand   3-0

Årdal FK – Stryn          1-0

Årdal FK – Jølster        3-0 (kvartfinale)

Årdal FK – Høyang       1-0 (semifinale)

Årdal FK – Førde         1-0 (finale)

På laget vårt: Sivert Larsson, Mats Wigdahl Huun, Endre Kauppi Straumsheim, Marius Loftheim, Martin Severin Gullaksen, Halvor Neset, Vegard Aafedt Bukve og Sondre Offerdal.

Lagleiarar: Ivan Øy og Jan Kåre Stedje

Støtteapparat, fotograf og motivator: Leander Øy

Alle foto: Leander Øy

 

Ein finfindag for fotball for trenarteamet vårt. Spurs vann visst òg.