Tap for Stryn

Ikkje heilt den avslutninga på vårsesongen som me hadde tenkt.

Me me visste sjølvsagt svært godt på forhånd at bortekamp mot Stryn ikkje er eit oppgåve å ta lett på. Desse oppgjera har tradisjon for å vera tøffe og intense – og fredagens kamp var ikkje noko unnatak. Trass ia t det enda med 3-0-tap, meiner Ivan at resultatet ikkje heilt avspelgar kampbildet.

– Me hadde ikkje forventa å vinna, men me hadde vel håpa på poeng, får me vera så ærlege å sei. Stryn skåra tre mål, men spelemessig er me på høgde med dei og vel så det, seier han.
Me veit at dei er farlege på dødball, slik skåra dei også det første målet sitt, i tillegg hadde dei to andre gode skåringar som kjem fordi dei er gode på å utnytta dei sjansane dei får – det er vel der me ikkje heilt er på høgd, seier han.

– Me er for lite effektive framfor mål, det er det som gjer at me ikkje får skikkeleg betalt for godt arbeid. Det at det stod 1-0 til pause gjev ikkje eit heilt rett bilde av omgangen, for me hadde flerie store sjansar. Det er litt seigt at Stryn gjer det så enkelet – og me gjer det så vanskeleg. Slik er fotballen eingong.

Før kampen var me plaga av ei aldri så lita skadekrise, ettersom flerie sentrale spelarar er ute med skade og tre av dei som stilte mot Styn ikkje gjekk heilt for full maskin.
Sidan troppen vår i utgangspuntket berre tel 18 mann, er me sårbare for skader og skiftarbeid, og Ivan hadde nok sine stunder der han lurte på om me i det heile tatt kunne stilla lag.

Eirik Rode, vår gamle venn, som har spelt for Lyngbø sidan han flytta til Bergen for å studera, er heime på sommarferie og melde seg til teneste. Overgangspapira vart ordna torsdag, slik at han var speleklar mot Stryn.
Han seier seg nøgd med å vera tilbake.

– Kjekt å spela med gamle lagkameratar igjen, heilt klart. Skuffande at me tapar 3-0, men me får komma sterkare tilbake mot Dale. Spelemessig var me heilt klart på høgde med Stryn i første omgang, men me datt kanskje eit par hakk i andre, seier Eirik. Han blir med til me har overstått kampen mot Eid i haustsesongen i alle fall.

No tek me ferie til starten av august. Stryn toppar tabellen, ni poeng framfor oss.
– Det blir tøft å ta dei att no, og me vil vera avhengige av at andre lag slår Stryn i så fall. Eg trur det blir veldig tett til hausten og at mange lag kjem til å kjempa om poenga i toppen, seier Ivan, som gler seg til litt ferie.

– Det har vore tøffe tak i vår sesongen med mykje stang-ut for vår del, så det blir fint å få lada batteria og restituert nokre skader her og der, så håpar eg alle mann er klare til å ta i eit tak når me kjem att.

Meir detaljert referat av kampen ser du her på FirdaLive!

Årdal FK ønsker alle ein finfin fotballsommar!

Kampfakta:

Stryn – Årdak FK 3-0 (1-0)
Stryn stadion, fredag 30.juni
Dommar: Yngve Haakonsen, Fjøra FK med Rune Haugland, Haugen IL og Kaj-Inge Fløde, Stadtlandet
Gule kort: Eirik Rode og Ole Gunnar Bukve Kjødnes, Årdal FK

1-0   33 min   Vegard Hopland
2-0   66 min   Rasmun Skåre Tjellaug
3-0   81 min   Vegard Hopland
Årdal FK: Sivert Larsson, Ørjan Cafu Skilbrei (Martin Severin Gullaksen frå 70.min), Brede Stedje Ylvisåker, Andreas Natvik, Kjetil Karlsen (Simen Mannsverk frå 55 min), Eirik Rode, Ole Gunnar Bukve Kjødnes, Vegard Aafedt Bukve, Johnny Aspeseter Hagen, Christian Stedje (Anders Lereng frå 40 min) Terje Kvam Øvstetun.