Tap for tynn tropp

Femte strake tapet vårt kom mot Aurskog/Høland etter nok ein marerittstart på kampen.

Det første minuttet av kampen gjekk føre seg omtrent på same måte som det første minuttet i forrige bortekamp mot Skedsmo: heimelaget gjekk rett i angrep og skåra.

– Men forskjellen var at mot Skedsmo spelte me ein god kamp likevel, denne gongen var me ikkje heilt på høgden. Då vinn ein heller ikkje fotballkampar, slår trenar Ivan fast.

Det var ein noko tynn tropp med berre to innbyttarar som reiste austoer laurdag morgon. Det skuldast båe skader, sjukdom, skiftarbeid og russetur.
Midtbanemotoren Vegard mangla, det same gjorde Truls, som er skadd – i tillegg til fleire andre.

Desse er viktige spelarar for oss, som skapar mange sjansar, difor merka me naturleg nok at dei var vekke denne gongen.

Preben Strypet

– Men me hadde også ein del sjansar, spesielt i andre omgang kom det seg ein god del, men me skåra ikkje på dei.
Aurskog/Høland skåra tre gonger på at me mista ballen tre gonger, heilt enkelt.

Dette er det femte strake tapet, så det begynnar å bli ei stund sidan me tok poeng.
Dette har samanheng med at det er eit noko anna mannskap i dag enn det var mot slutten av vårsesongen og i starten av haustesongen, der me spelte 11 kampar på rad utan tap.

– Me har fleire folk som er vekke på skule og som dermed ikkje får trent midt i veka, det er folk me er avhengige av spring mykje i kampane.
Og når det røyner på utover i kampane, har me for liten breidde i stallen til å kunne setta inn i dei ledd der det trengst, er forklaringa.
– Innbyttarane våre er unge angrepsspelarar, noko som sjølvsagt er heilt strålande – men me skulle også gjerne hatt defensive folk til å setta inn i tillegg.

Ivan Øy Endre Kauppi Straumsheim

– Me såg dette mot Valdres og mot Hauerseter, det at me ikkje har godt nok fysisk grunnlag og at me ikkje har folk å setta inn når me blir slitne.
Det er difor kampane ofte tippar i vår disfavør når me går tom for krefter, seier Ivan.

Han legg ikkje skjul på at han veldig gjerne kunne tenkt seg å ta tre poeng på i siste kamp på heimebane neste helg.

Kom og sjå oss mot Ullensaker/Kisa 2 – me har store planar om å retta opp og avslutta med stil på Jotun stadion!
Laurdag klokka 16.00, folkens!!

Detaljar rundt kampen mot Aurskog/Høland finst forresten her! 

Eit lyspunkt denne gongen var heilt klart at Joao da Silva tok turen fra Odalen for å heia på oss  – takk, Joao, det sette me stor pris på!