Tap mot Fjøra – siger mot Voss

Årdølene har spelt to treningskampar denne veka.

Årdal FK mot Fjøra. (Foto: Leander Øy)

(Foto: Leander Øy)

Mot Fjøra vart det 2-1 tapp på krøllgrasmatta på Jotun stadion onsdag kveld. 

– Me møtte eit Fjøra lag som hadde ein dårleg opplevelse frå sist gong me møttest i Sognehallen for nokre veker sidan, som me vann 5-1, seier Årdal FK-trenar Ivan Øy.

– Det var ein grei 1. omgang der me styre det meste av spelet og rullar opp ein del angrep mot eit baktungt Fjøra lag. Kampen hardna til litt og sidan dommar Haugland var i ei «godlune» ovenfor Fjøra denna kvelden så slapp dei å bli mindre enn 11 mann til pause.

– 2. omgang bar preg av eit Årdal lag som vart noko frustrerte på grunn av manglande utteljing og slapp fjørene til noko fleire sjansar enn nadusynt. To mål slepp me inn på grunn av manglande fokus og vil gå under kategorien tabbar. Målet vårt kom på ein straffe der Martin Gullaksen vart felt og Terhe sette den inn.

– Elles var dette ei grei gjennomføring der ein del spelarar fekk prøve seg på nye plassar, forklarar Ivan.

 

Dette skriv Fjøra på sine nettsider:

– Fjøra stod med lua i hånda og vart rundspelt av Årdal i storhallen for litt over to veker sidan. Ein heilt anna innstilling av Fjøralaget i Årdal i dag men me var likevel heldige som gjekk til pause med leiing 1-0. Målet kom midt i første omgang etter at keeperen til Årdal var uheldig og glapp ein corner fra Ole Martin Bolset i eige mål. Årdal styrte spelet stort sett heile omgangen medan Fjøra til tider vart spelt svært djupt i bana og det hadde ikkje vore noko og sagt på om det i staden var Årdal som hadde leda til pause.

Også i starten av andre omgang sleit Fjøra med å få spelet til å gli men siste 35 minuttane heva me oss betrakteleg og skapte mange store sjansar. Femten-tjue minutt ut i andre omgang netta Victor Aguiar sikkert etter godt forarbeid frå Sindre Rørvik og 2-0. Etter dette produserer me fleire store sjansar men Gilleshammer i Årdalmålet og for dårlege avslutningar hindra fleire mål. På overtid får Årdal straffe etter ein hekting og Terje Øvstetun reduserer til 1-2, som også vart sluttresultatet.

To ulike omgangar, Årdal best i første og Fjøra best i andre. Jamn kamp men slik kampen utvikla seg syns me Fjøra til slutt vann fortjent.

Terje Kvam Øvstetun scora årdølenes mål mot Fjøra. (Foto: Leander Øy))

(Foto: Leander Øy) 

 

 

Siger mot Voss

 

Laurdag var årdølene i elden igjen då Voss stod på motsett banehalvdel. Sogningane var i best vinterform og vann solide 6–2 etter at det stod 1–1 til pause.

Truls Hovland, Robin Moheim, Christian Stedje, Terje Øvstetun (2) og Johnny Aspeseter Hagen fekk nettkjenning for årdølene.

Alle foto: Leander Øy