Tapte fortent i Førde

Årdal FK 2 tapte fortent den dramatiske kampen mot Førde 2

Førde 2 – Årdal FK 2: 6 – 1 ( 4 – 0 )

4. divisjon, Førde stadion, onsdag 17.09.08.


Målscorar ÅFK 2
: Brede Stedje Ylvisåker i det 85. min ( assist: Johnny/Ruben Aspesæter )

Årdal FK: Stian Karlsen, Eirik Natvik (Truls Sylvarnes frå 70.min), Gunnar Heggheim, Kjetil Karlsen, Alin Madalin, Mats Andrè Jevnaker, Daniel Eide (Hermund Øvstetun frå 65. min), Brede Stedje Ylvisåker, Johann Traustason (Andreas Hestetun frå 58. min), Johnny Aspeseter, Ruben Aspeseter.

Raudt kort: Truls Sylvarnes ( felling som bakrste forsvarar, 15 sekund etter at han kom inn ).

Dommar: Vi fekk diverre ikkje med oss namnet på dommaren, men han gjorde sine saker svært bra. Positivt var det og at vi hadde to gode linjedommarar, for dette er vi ikkje vande med.

Fortent tap og dramatisk kamp.
Kampen mot Førde 2 vart aldri jevn, men den vart både underleg og dramatisk, med eit faktisk snev av komikk. Det siste skuldast at Truls vart bytt inn mot slutten av kampen, berre for å få raudt kort etter 15 sekundar på bana. Han var uheldig og hindra ein Førdespiss på veg mot målet vårt, og som sisteforsvarar kvalifiserte dette til bortvisning.

Kampen vart litt underleg då vi reint spelemessig og sjansemessig held følgje med heimelaget heile første omgang, men forskjellen var dog at dei scora 4 mål på sine sjansar, medan vi ikkje greidde eit einaste eitt…
Og dei fleste av måla til Førde kom etter grove feil i forsvaret vårt, og i situasjonar der det knapt kan kallast sjanse til dei kvitkledde.
Men dette vert teori, for Førde avgjorde dette greitt og hadde sjølvsagt full kontroll på oss kampen gjennom, sjølv om Brede pynta på resultatet like før slutt etter eit fint førearbeid av både Johnny og Ruben.

Det viktigaste som skjedde i Førde var likevel at Johann vart alvorleg skadd etter kvarteret i andre omgang. Den gode islendingen fekk eit hard kne i andletet i forsøket på ei heading, og han gjekk i bakken medvitlaus. Hendinga var eit hendeleg uhell, men situasjonen var alvorleg.

Ein ambulanse kom snøgt inn på bana, og Johann vart sendt til sjukehuset straks. Der synte det seg at han kom bra ifrå hendinga, uten brot, men svært forslått. Legane seier at han er klar att til dei siste kampane, og vi er svært glade for det.

Vi vil og nytte sjansen til å rose Førde for flott innsats i dei dramatiske minuttane på bana. Tilkalling av ambulanse og anna hjelp bidrog til at spelaren fekk den beste handsaminga ein kunne få, og dette set vi stor pris på.

Vi gratulerer Førde med ein fortent siger og ønskjer laget lykke til vidare.