Tid for fotballfest

Laurdag er det duka for den årlege sesongavslutninga for heile Årdal FK og vennene våre.
Fotballfest

Spelarar, trenarar, støtteapparat, sponsorar og andre som på sine vis støttar Årdal Fk er invitert til fotballfest på Klingenberg hotel førstkommande laurdag, etter siste heimekamp.

Det blir tradisjonelt program med utdeling av ymse prisar, blomar, heider og ære, i tillegg til god mat og laiv musikk seinare på kvelden. 

Kl 19.00 brakar det laust med Klingenberg sin pastabuffet, før programmet, som også vil by på nokre små overraskingar undervegs. 

Seinare held festlegheitene fram, og det er grunn til å tru at det vil bli svært hyggeleg med live musikk ved Thomas Norheim Moen og Joacim Styve, som held konsert i cafeen.