To debutantar

Stian Klingenberg og Edin Alme er klare for Årdal FK.

Dei to signerte overgangen og vart med det speleklare til kampen mot Fjøra sist fredag. Begge kom innpå og gjorde ein flott figur, som det heiter.

– Utruleg flott at me får inn desse to unge spelarane på noverande tidspunkt, dei har vore med oss i treningsgruppa sidan oppstarten og me er veldig godt nøgde med det me har sett, konstaterer trenar Ivan Øy.
– Dette er spelarar med veldig god fotballforståelse og teknikk, både offensivt og defensivt. Det er også spelarar som passar veldig godt inn i våre rammer og vår spelestil, og som eg er sikker på kjem til å visa ei veldig positiv utvikling framover.

Stian Klingenberg frå Øvre var 15 år og 360 dagar gamal då han debuterte for Årdal FK i treningskampen mot Fjøra sist fredag.
Tangingen Edin Alme var 15 år og 362 dagar då han debuterte i same kamp.

Denne veka har dei begge runda 16 – me gratulerer så mykje med vel overstått og ønsker hjertelig velkommen i klubben!