Tremålsseier over Eid 

Full pott etter to haustkampar.

– Det må me seia oss veldig godt nøgde med, det å ta seks poeng på to kampar. I vårsesongen greidde me eitt poeng på dei to første kampane, så det er klar betring, meiner Ivan.

Då Eid kom på besøk i dag, gjekk det eit snaut kvarter før Christian Stedje gav oss leiinga 1-0. Det heldt seg til pause, trass i at me hadde fleire sjansar til å auka og kanskje også punktera kampen.
– Men me gjer litt for mykje feil framover, det er heilt klart ein del ting me må jobba med. Det gjeld mellom anna det å bli meir samspelte, seier Ivan.

– Men me brukar også folk på litt uvande plassar i dag, det gjer også sitt til at det går litt i stå på den siste tredjedelen, seier Ivan og siktar til at dagens kamp gjekk føre seg  utan Vegard Aafedt Bukve, Kjetil Karlsen og Ørjan Cafu Skilbrei.

– Me produserer mange sjansar, men det me må ta tak i, er at me også produserer sjansane til Eid når me slurvar for mykje framover og let dei få muigheit til å kontra på oss. Så lenge det står 1-0 er kampen i høgste grad levande, det same er han på 2-0, den verste leiinga ein kan ha, spør du meg.

Utover i andre omgang la Truls på til 2-0, mens Johnny sette fast sluttresultatet då han skaut frå særs lang avstand og traff det tomme målet, ettersom Eid-målvakta befann seg ute på bana, der han tok del i spelet. Det skjedde i det 90.minuttet.

Meir detaljert forklaring på korleis kampen arta seg, står å lesa her, ført i pennen av Frank Øyre og sekreteriatet i speakerbui.

I sluttsekundane vart Eirik takla av ein motspelar og enda med å bli sendt til legevakten.
– Me får håpa det går bra, men han kjem nok til å vera sår i muskelen ei stund. Det var to knotteavtrykk i låret som me tykte var litt vel djupe, difor valde me å få han til legevakta, fortel Ivan.

Kampfakta:

Årdal FK – Eid 3-0 (1-0)
Jotun stadion, fredag 11.august
Tilskodarar: om lag 150
1 – 0     14 min   Christian Stedje
2 – 0     58 min   Truls Hovland
3 – 0    90 min   Johnny Aspeseter Hagen
Gule kort: Andreas Natvik og Ole Gunnar Bukve Kjødnes, Årdal FK
Dommar: Erlend Lereim Nondal, Kaupanger med Brede Nymark, Sogndal og Øystein Skjerdal Bondevik, Kaupanger.
Årdal FK: Sivert Larsson, Nicolai Laberg (Simen Mannsverk frå 43.min), Brede Stedje Ylvisåker, Andreas Natvik (Terje Kvam Øvstetun frå 63 min), Fredrik Aspeseter Sørli (Sander Bjørkum Øvstetun frå 90 min), Joachim Furset (Ruben Aspeseter frå 90.min), Truls Hovland, Eirik Rode, Christian Stedje (Marius Loftheim frå 86 min), Ole Gunnar Bukve Kjødnes, Johnny Aspeseter Hagen.