Trenar vart tilskodar

Ivan måtte sjå siste del av kampen frå sidelinja då me tok årets første seier mot Florø 2.

Han vart nemleg vist vekk då det stod att godt halvdelen av andre omgang fordi dommartrioen meinte klaginga hans over spesielt eit par avgjerder ikkje høyrde heime.

Øy vedgår at han ikkje var nøgd med eit manglande frispark som førte til at Florø 2 reduserte til 3-1 fem minutt tidlegare. Og at han reagerte på at Joachim Furset ikkje fekk straffe då han vart felt av keeper. I staden fekk Furset gult kort for filming.

– Eg sa noko om at «kva er det me har fått inn på bana her no da, dette er i ferd med å bli ein parodi!». Det vart også sagt andre ting frå andre på benken, men linjemannen kalla bort dommaren  som viste meg ut. Eg meinte det er heit feil og at det blir vanskeleg dersom me ikkje kan ha såpass takhøgd. Eg har snakka med dommartrioen i ettertid og gjeve beskjed om kva eg sa, og eg fekk inntrykk av at dei også såg at dette kan ha vore ei feilaktig utvising, seier Ivan.

Like før hadde linjedommar Brede Nymark bytta plass med dagens hovuddommar Elias Åsebø, fordi han skal ha kjend seg litt dårleg. Åsebø heldt fram på linja, medan Nymark tok over ein kamp som fram til då hadde svinga litt, spesielt for heimelaget sin del.

– Me begynnar veldig bra i første omgang, eg tykkjer me har veldig godt trøkk, me så slepp med oss ned og gjer ting vanskelegare for oss sjølve, seier Ivan om det.
– Me ledar rett nok i pausen, men 1-0 er ei farleg leiing, og me blir enige om at dette må me snu og ikkje gå i vår eiga felle, me måtte snu utviklinga og setta ein standard. Eg føler me lukkast i det, fordi når me set i gang, får me eit par flotte skåringar frå Nicolai og Joachim, det er veldig kjekt å sjå at dei unge spelarane våre viser seg frå ei slik sida.

Det vart nemleg slik at Nicolai først skåra fem minutt ut i andre omgang. Deretter la han inn til Joachim fem minutt seinare, som sørga for at me gjekk opp i 3-0.

– Nicolai er ein kjempespennande type som gjer kloke val, mann mot mann, me brukar han som såkalla vingback – han overraskar meg kamp for kamp, seier Ivan – som i bunn og grunn seier seg godt nøgd med seier og tre poeng over det som nok må reknast som eit svært ungt Florø-mannskap. Førstelaget frå kystbyen har nemleg kamp i Fredrikstad, noko som gjorde at vår gamle venn Truls Hovland heller ikkje var å sjå på Jotun stadion denne gongen.

Christian Stedje fastsette sluttresutlatet då han slo ein kårner i mål, og me henta heim årets første trepoengar, attpåtil i årets første kamp på eige gras.
I serien «flott ungdom» tek me med at Sander Bjørkum Øvstetun kom inn for Vegard mot slutten og vart rosa av trenarteamet for innsatsen. Vegard kom på si side innatt for Ole Gunnar etter ein femminuttar på benken.

– Veldig kjekt med tre poeng og seier, det vart ein flott dag på Jotun stadion og det betyr mykje for godfølelsen i laget at me har snudd den litt dårlege starten på sesongen, er konklusjonen.
Bortekamp nesten helg – før me har stor glede av å ønska hjertelig velkommen til eit skikkeleg godt gamaldags 16-mai-oppgjer mot Vik!

Andreas Natvik fekk seg ein smell mot slutten av første omgang og tok teljing. Han fortsatte nokre minuttar, men innsåg lke etter at det berre ikkje var mulig. Andreas skåra sitt tredje mål for sesongen då han gav oss leiinga 1-0. Det går etter forholda bra med Andreas, og ingen bør bli overraska om han dukkar oppatt like kampklar til neste helg att.

Kampfakta:

Årdal FK – Florø 2 4-1 (1-0)
Jotun stadion laurdag 6.mai 2017
Tilskodarar: Om lag 150
1-0   25 min   Andreas Natvik (Christian Stedje ass.)
2-0   50 min   Nicolai Laberg (Terje Kvam Øvstetun ass.)
3-0   55 min   Joachim Furseth (Niolai Laberg ass)
3-1   57 min   Eirik Valvik
4-1  82 min    Christian Stedje
Dommar: Elias Åsebø, Haugen IL med Brede Nymark, Sogndal og Steve Sibondagara, Eid IL.
Gule kort: Johnny Aspeseter Hagen, Joachim Furseth, Årdal FK og Agash Puththsigamany, Florø 2.
Årdal FK. Sivert Larsson, Brede Stedje Ylvisåker, Nicolai Laberg, Ørjan Cafu Skilbrei, Fredrik Sørli, Andreas Natvik (Terje Kvam Øvstetun fra 40 min),Vegard Aafedt Bukve (Sander Bjørkum Øvstetun frå 86 min), Ole Gunnar Kjødnes, Joachim Furseth, Christian Stedje (Simen Mannsverk frå 86 min), Johnny Aspeseter Hagen (Anders Lereng frå 80 min).

Meir detaljert referat av kampen finn du her!!