Geir Kjetil Øvstetun

369a0412

Geir Kjetil er på mange måtar Årdal FK, ettersom han var sentral i stiftinga av klubben i 2003 og har hatt leiarvervet heilt sidan.

Før det har Geir Kjetil spelt ei viktig rolle i fotballmiljøet i bygda sidan tidleg på 80-talet, då han var sentral på det mange meiner er tidenes Tangenlag, som vann Postsparebank cupen i 1986.

Karriera enda bokstaveleg talt med eit brak då han gjekk i ein takling med ein Vadmyra-spelar under ein treningskamp på Cuba som det framleis går gjetord om.

Beinsplintane som låg strødd vart slutten på ei lang og mangfaldig karriere som spelar, men med C-trenarutdanning i baggen heldt Geir Kjetil fram engasjementet frå sidelinja.
Han har også gjennomført Norges Fotballforbunds leiarutdanning på samtlege nivå.

Han var mellom anna trenar for samarbeidslaget ÅTIL/lærdal i fleire sesongar på slutten av 90-talet.
Geir Kjetil har alle funksjonar i Årdal FK som er mogleg å ha, og har i fleire sesongar trødd til som lagleiar for andrelaget.

Elles er han sambuar med Merete og gild i golfreiser, hytteturar og fisking.
I fritida er han best kjend som rektor ved Årdal vidaregåande skule, no prosjektleiar i Sogn og Fjordane fylkeskommune.