Ivan Øy

369a0243

Eit kjend og frykta namn i fotballfamilien i Sogn og Fjordane etter at han herja på og bøtta inn mål for Jotun i årevis. I mange, mange år fanst det knapt ein spelar her i fylket som ikkje hadde blitt dribla trill rundt av Ivan.
Han er også den av folka våre som har spelarerfaring frå høgast nivå, etter ein sesong i Sogndal tidleg på 90-talet.

Entusiasme og engasjement er det som først og fremst kjenneteiknar Ivan. Intensitet og trøkk på trening og i kamp er det han brenn for og evnene hans til å motivera alle rundt seg er ein god og viktig eigenskap for alle i klubben.

I tillegg gjer han seg godt på bilete, og må difor finna seg i å vera klubben sitt ansikt utad.
Ivan si største utfordring er å holda nervene i sjakk, spesielt i sluttminuttane.
Dette er sjøvlsagt ein direkte konsekvens av det sterke engasjementet og det faktum at han rett og slett ikkje kan fordra å tapa fotballkampar.

Ivan har trent Årdal FK sidan 2012, men har lagleiarerfaring på dei fleste aldersbestemte nivå.
Elles jobbar Ivan som montør ved Årdal Energi KF, er gift med Beate og pappa til to fotballspelarar.
Han likar fisking og friluftsliv, turar i skog og mark og er aktiv Tottehamsupportar.

Ivan har ved fleire høve vore open om at eit langt liv som Spursfan har lært han mykje om det å takla motgang, noko som også har komme godt med i trenargjerninga for Årdal FK så langt.

Mest av alt er Ivan tvers igjennom ein likandes kar, oftast med tvers igjennom godt humør, som aldri går av vegen for å slå av ein fotballprat.