Jan Kåre Stedje

369a0204

Jan Kåre har den fotballfaglege kompetansen i orden ettersom han er utdanna UEFA-trenar med C-lisens og har gjennomført alt som er mogleg å gjennomføra av fotballforbundet sine utdanningsprogram og vidareutdanning i toppidrett og prestasjonsidrett.
Han har sjølv ei mangfaldig karriere som idrettsutøvar bak seg med kretsmeisterskap i terrengløp som ei av dei fremste merittane, i tillegg til eksamen i bøylehest frå Høgskulen i Agder.

Jan Kåre har trent lag på stort sett samtlege aldersbestemte nivå og dessutan kretslaga til SFFK gutte- og juniornivå. Som seniortrenar har han trent Jotun, Tangen, ÅTIL/Lærdal og dessutan Jerv FK i alle divisjonar med unnatak av eliteserien.
Han har også vore fotballleiar i ÅTIL og sportsleg leiar i Årdal FK i ei årrekkje.
Etter nokre sesongar i andre roller, mellom anna som lagleiar for andrelaget og bussjåfør, gjorde Jan Kåre comeback i 3.divisjon då han tok over som assistenttrenar i 2014.

Tidlegare var Jan Kåre også aktiv som dommar på kretsplan. Dette har medverka til at han i alle år har vore den som i hovudsak har teke seg av det meste av komminikasjonen med dommarane i kampsituasjon. Dei seinare åra er han likeve blitt mindre og mindre oppteken av dommarane, noko einskilde meiner er eit forfallsteikn, medan andre hevdar det er snakk om eit taktisk skifte.

På fritida er Jan Kåre rektor ved Tangen skule, gift med Marion, pappa til to og bestefar til tre.

Uansett er det heva over tvil at trenarteamet vårt utfyller kvarandre på ein fortreffeleg måte.
Saman har dei kvalitetar som gjer det mogleg  å få ut det beste av spelarane våre, uansett korleis troppen ser ut.
At dei begge er aktive og ihuga supportarar av Tottenham var lenge eit stridspunkt i tilsettingsprosessen, men styret landa til sist på at Spursfansen er eit robust folkeferd med kvalitetar som er gode å ha når det buttar i mot, i tillegg til ein solid porsjon evig optimisme.