Ørjan Stedje Ylvisåker

Trass i typisk sogndalsnamn, er Ørjan ein vaskeekte årdøl som har spelt heile sin aktive karriere for dei lokale laga. Han var sentral på ÅTIL/Lærdal rundt tusenårsskiftet og heldt fram med å vera det etter at han melde overgang til Jotun/Årdalstangen i 2003. I årevis var han ein bauta i forsvaret vårt og ein naturleg kandidat til kapteinsvervet, som han hadde i fleire sesongar. Slitne kne gjorde sitt til at han vart tvinga til å leggja opp midt i 2011-sesongen, men han har halde fram som styremedlem og motivator. Ørjan har ansvaret for dei illgjetne onsdagstreningane som nett ikkje er for pingler og har mykje av æra for den kollektive kondisen i laget. På fritida er Ørjan lærar ved Tangen skule, gift og far til ein framtidig midtstoppar, i tillegg til at han i dei seinare åra har gjort karriere som folkevald for Arbeiderpartiet.