Per Einvald Aspevik

Lærdølen Pirri er godt kjend som fryktlaus og rocka målmann med svært gode organisatoriske evner for naboklubben vår. Han vakta dessutan buret for unionslaget ÅTIL/Lærdal gjennom fleire sesongar på slutten av 90-talet. I alle dei åra me har møtt Lærdal i lokaloppgjer, har sisteskansen Pirri vore hovudbry for ganske mange av våre spelarar. Sidan Lærdal diverre ikkje har hatt høve til å stilla seniorlag dei siste sesongane, har han vore ein del av vårt støtteapparat som keepertrenar, noko me er svært glade for. Og som alle gode målmenn, kvir han seg heller ikkje for å ta i eit tak mellom stengene når sjansen byr seg.