Treningane startar for Jotun II

Jotun II vil starte opp att med trening fyrstkommande tysdag klokka 17:30, og det er utskiftningar i trenarapparatet. Espen Hestetun og Hans Smedegård takkar for seg og overlet roret til Jan Erik Luggenes og Per Inge Bale.

Jotun II tek nye tak, her ved Per Einar
Hestetun

Treningstider Jotun II:

Tysdagar 17:30

Torsdagar 19:00

Hospitering på a-laget

Seniorfotballen i Jotun kjem til å ha eit tett samarbeid laga imellom, dette vil
føra til at enkelte spelarar kjem til å vera innom treningane til alle lag frå
gutte til a-lag.

Dei beste guttespelarane vil med jamne mellomrom hospitere på Jotun sitt a-lag,
og samtidig vil Jotun stilla med juniorlag i turneringar.

Nytt trenarteam

Det vil bli utskiftningar i trenarapparatet til Jotun II då Espen Hestetun og
Hans Smedegård takkar for seg etter ein fin innsats i fjorårs sesongen.

Nytt trenarteam blir Jan Erik Luggenes og Per Inge Bale.

Jan Erik kjenner dei fleste, han har solid spelar erfaring frå Jotun og har
tidlegare  hatt ansvaret for Jotun II.

Per Inge Bale er eit nytt bekjentskap for dei fleste, men han har trenar og
spelar erfaring frå Balestrand sitt seniorlag samt at han har vore trenar innan
aldersfastlagte klassar i Åtil/Lærdal.