Trufaste supportarar

To ivrige støttespelarar besøkte laget i garderoben i dag.

 

 Ole Petter Løvdahl og Terje Buhaug saman med nestleiar i Årdal FK, Magne Felde og sportsleg leiar Jan Kåre Stedje.

Terje Buhaug og Ole Petter Løvdahl har i årevis vore to av Årdal FK sin aller mest trufaste supportarar og har sett samtlege heimekampar denne sesongen.

Terje Buhaug og Ole Petter Løvdahl følgde kampen frå sidelinja saman med Daniel Eide, Nils Tore Krosshaug, Erling Sæbø, og keeper Stian Karlsen. Laurdag var dei saman med laget  under takttikkpraten i garderoben før kampen mot Skavøypollen, der dei gav si støtte over ein halvliter Fanta.

– Eg er veldig spent på korleis dette går, men me bør vinna i dag, sa Terje Buhaug før kampen.

Buhaug og Løvdahl stod også på sidelinja saman med lagleiinga under heile kampen og kunne komma med gode råd til Nils Tore og dei andre.