Truls er tilbake! 

– Heilt klart veldig positivt for oss, seier Ivan.

Vår gamle lagkamerat Truls Hovland (22) har i dag meldt overgang frå Lysekloster til Årdal FK, noko me seier oss særs godt nøgde med.

Dette er veldig godt nytt for vår del – og for Truls sin del, seier trenar Ivan Øy.

Etter at Truls kom attende frå Florø før fjorårssesongen, uttala han at det å sleppa Truls laus i fjerdedivisjon ville vera som å sleppa ein sværa hybridrev inn i eit hønsehus. 

– Eg står forsatt inne for det. Han har kvalitetar som overgår dei fleste i denne divisjonen, det er det ikkje tvil om. Men det er no ein gong slik at det er eit lag dette handlar om. Eg er sikker på at med Truls på plass, vil han vera med på å heva nivået på alle rundt seg. Det går på både den måten han er påbåde i trening og i kamp. Det er nok der me vil merka den største effekten, det at han er tilbake i miljøet.

Årdal FK ønsker sjølvsagt Truls hjertelig velkommen tilbake.

Akkurat no har me ein ørliten fotballpause før me så smått startar oppatt i desember med seniorlaget. I tillegg byrjar me no iløpet av november med ei treningsgruppe for dei unge spelarane.
Rett over nyttår startar oppkøyringa til 2019-sesongen for fullt.