Truls kjem tilbake

Truls Hovland (21) blir Årdal-spelar i løpet av helga. Det stadfestar både Hovland sjølv og Årdal FK. Overgangen frå Florø SK blir truleg formalisert i løpet av dei neste par dagane.

Truls Hovland gjekk til Florø før sesongen med ynskje om å få prøva seg på eit høgare nivå enn i Kretsligaen, noko han også ved fleire høve har fått. Han seier det er ei heilskapeleg vurdering av situasjonen som gjer at han no vel å forlata kystbyen og Obosligaen til fordel for heimbygda og gamleklubben.

– Det er nok helst ein kombinasjon av at eg ikkje føler at eg kan prestera godt nok og at eg ikkje trivast når eg har dei begrensingane eg har, seier han, som starta 2017 med operasjon i ankelen etter ein skade han pådrog seg i fjor haust.

– Det var eit lite beinbrot i ankelen i tillegg til ein skade på leddbandet som gjorde at eg var ute av spel i slutten av forrige sesong. Etter operasjonen i januar fekk eg beskjed om at det kunne ta opp til eit halvt år før eg var attende, men eg bestemte meg for at det skulle skje før, seier han, som altså har brukt store delar av vinteren og våren til å trena seg oppatt og bli klar til spel for nyopprykka Florø på nest øvste nivå.

– Eg føler verkeleg at eg har gjort det eg kan for å bli frisk fortast mogleg, seier Hovland, som har hatt fleire innhopp i Obos-ligaen og dessutan spelt flerie kampar frå start.

Likevel merkar han godt at skaden framleis er til hinder for prestasjonane.

– Det er meir begrendingar enn smerte som gjer at når eg har spelt greier eg ikkje å prestera så godt som det eg veit eg kan når eg er hundre prosent. Eg føler at eg har greidd å spela meg inn på laget, men dei siste vekene har eg spelt på min eigen reservetank, ankelen er hoven og stiv og eg er ikkje i fotballform resten av vårsesongen, forklarer han.

Hovland seier han kkje trivast godt med å ha fysiske begrensingar og seier han fryktar at den treningsbelasninga som krevst i Obosligaen, vil gjera vondt verre.

– Medan dei andre hadde oppkøyring, låg eg i senga med gips, så eg har ikkje det grunnlaget eg burde ha, seier han.

Håpet var å kunne reisa til Årdal på utlån og komma attende i januar, fullt restituert.

– Men det var diverre ikkje mogleg å få til, difor blir det slik at eg avsluttar kontrakten med Florø og reiser heim for å trena meg opp i mitt eige tempo og ha fokus på å bli hundre prosent resitutert, samstundes som eg kan få kamptrening ved å spela for Årdal, er konklusjonen.

Det er ikkje første gong Hovland gjer vendereis frå eit høgare nivå. Det same var tilfelle då han forlet Sogndal for tre år sidan, også då for å reisa heim til Årdal.

– Eg skjønnar jo at folk begynnar å lura på meg – eg gjer det sjølv av og til, altså. Men eg trur det er det beste for meg akkurat no, for eg har det ikkje godt med meg sjølv når eg er her i Florø og ikkje får gjort og vist mitt beste, det gjer like vondt som ankelen, seier han.

Trenar Ivan legg ikkje skjul på at meldinga om at Hovland kjem heim vart motteken med ein viss bismak.

– Men det er berre fordi me verkeleg heiar på Truls og ynskjer å sjå at han lukkast og gjer det så godt som me veit han kan. Me skulle så gjerne ha sett han på sitt beste, det hadde vore spennande, seier Ivan.

– For det er på nivået til Florø han høyrer heime – og det har han vist at han taklar. Samstundes forstår eg godt frustrasjonen i forhold til den skaden han har.

– Eg skjønnar godt den heilskapelege vurderinga han no gjer. Det å spela med ein skade slik han har gjort til no, gjer at Truls ikkje føler han får gjort sitt beste – og då trivst ikkje Truls, så godt kjenner me han.

– Men alle er velkommen i klubben vår, så me er sjølvsagt også glade for at me får ein slik spelar, sjølv om ein skadefri Truls Hovland i 4.divisjon vil vera som å sleppa ein sværa rev inn i eit hønsehus.

Assistenttrenar Jan Kåre Stedje seier han trur og vonar tryggleiken og trivselsfaktoren i det vande miljøet i moderklubben kan vera ein god arena for Hovland til å jobba seg attende til toppforma.

– Me skal gjera det me kan for å legga til rette for akkurat det, enkelt og greitt. Det betyr også at me heller ikkje kan bruka Truls ukritisk. Han må vera forsiktig i forhold til å trena seg oppatt i samarbeid med fysioterapeuten. Det vil uansett vera eit løft for oss, seier Stedje.

Årdal FK har att to kampar før fotballferien, men Hovland ville uansett ikkje vera aktuell for nokon av dei, ettersom regelverket seier at ein spelar har ein månads karantene når han skiftar tilvere frå profesjonell kontrakt til amatørnivå.

– I tillegg treng Truls desse vekene framover til å trena roleg og eventuelt bli klar til haustsesongen, meiner Stedje.

– Me har klokkartru på at ein ungdom som Truls jobbar seg oppatt på det nivået me veit kan kan vera på og me trur at Florø temmeleg sikkert då vil vera ein aktuell klubb igjen.

– Me har hatt ein veldig god dialog med Florø gjennom  mange år, og har det også i dette tilfellet. Begge klubbane respekterer Truls sitt ønskje, seier Stedje, som håpar og trur at han vil kunne vera aktuell for Florø eller ein annan klubb på det nivået på eit seinare tidspunkt.

Det har Truls sjølv alle ambisjonar om, seier han.

– Eg føler at eg har fått bevist at eg kan spela på eit høgare nivå, så det er absolutt planen å satsa vidrare på fotballen og på å ta nye steg, seier han, og legg til at han tek med seg mange gode erfaringar frå tida i Florø heimover.

– Eg vart teken veldig godt i mot i klubben, noko eg er veldig takksam for. Det er eit godt miljø og Florø er ein flott klubb som eg verkeleg verdset. Eg føler at eg er blitt møtt med forståing for det valet eg gjer i forhold til at eg gjerne vil bruka tida og komma tilbake i mitt eige tempo, slik at eg kan yta maks, seier Truls.

Me ønsker Truls velkommen heim og god bedring!