Truls tek sjansen

– Håpar dette blir min sesong! 

– Eg måtte berre ta sjansen, seier Truls Hovland (22), som før helga signerte for Lysekloster.

Han flyttar til Bergen allereie om få dagar for å vera med på sesongoppkøyringa til 3.divisjonsklubben, som har ambisjonar om opprykk.

Truls har førebels skreve under ein eittårskontrakt med klubben, som er frå Os kommune sør for Bergen.

– Det er eit lag som vil rykka opp, det gjaldt proffkontrakt, så eg måtte berre ta sjansen viss det skal bli noko no, seier Truls, som kom attende

frå eit opphald i Florø sist sommar og har brukt tida i Årdal til å finna attende til formen etter ein ankeloperasjon.

– Eg sleit litt med ankelen no i november og desember, men det kjennest veldig bra ut no og formen er fin, seier Truls.

Han flyttar til Bergen for å bli sambuar med Hanne og skal etter planen også jobba ved sidan av fotballen. 

– Det er alltid trist å reisa fra Årdal, moderklubben min. Og ikkje minst Christian Stedje og pasningane hans. Og veldig mykje anna som er fint med Årdal FK. Men nokon sjansar må ein berre ta. Eg håpar dette blir min sesong, seier Truls.

– Det er sjøvlsagt ingen tvil om at me vil merka at Truls flyttar, både på og utanfor bana. Men me ønsker han sjølvsagt all mulig lykke til, seier ein talsperson for trenarteamet.

Ei trøyst blir det sjøvlsagt for Truls at også Eirik Rode skal spela for Lysekloster den kommande sesongen.

Takk for innsatsen – me ønsker både Truls og Eirik lykke til!