Trygg bortesiger mot Jølster

Det vart ein trygg bortesiger mot Jølster etter god laginnsats.

Det vart ein trygg og god 1 – 4 siger borte mot Jølster i dag. Etter å ha dominert fullstendig i fyrste omgang slapp vi oss nedpå litt i andre omgang utan at det var nokon fare på ferde. Når ein leiar 0 – 4 til pause er det ofte ein naturleg reaksjon å slappe av litt, sjølv om det ikkej bør skje. Det vart to fine mål av Christian, medan Morten og Preben skåra kvar sitt.

Det var ingen som utmerka seg spesielt i denne kampen, anna enn at me gjer ein gjennomført god kamp med god laginnsats. Det ser ut som ÅFK har byrja å visa litt meir musklar no. Det lovar godt før kampen mot Stryn Laurdag den 19. kl. 16.00 på Jotun stadion.

åfk-sogndal drakt

Mål:

0 -1 Christian Stedje (8 min)

0 – 2 Morten Brandsdal (12 min)

0 – 3 Christian Stedje (33 min)

0 – 4 Preben Strypet (38 min)

1 – 4 ArveBakke (89 min)

Me fulgte kampen her

Kommentar frå Nils Tore:

Me gjer ein god førsteomgang, der me er direkte og gjennombruddorienterte. Me eig omgangen fullt og heilt og kunne ha scora fleire enn fire mål.

Andreomgang blir spelt med for lite tempo og me spelar for mykje på fot på siste 1/3 del. Savnar meir besluttsomheit og vilje til gjennombrudd. Me har kontroll defensivt, men får ein scoring mot etter eit frispark frå 30 meter på slutten av kampen.

Me er godt nøgd med 4-1 og tre poeng. No er det viktig med rett fokus og å skape gode treningar til kvar gjenståande kamp før ferien. 

NT