Tung dag på Dingemoen

Og no ligg Tornado Måløy heile sju poeng framfor oss på tabellen.

 

Kampfakta: Dale – Årdal FK 3-2 (1-0)

Dingemoen stadion

Tilskodarar: om lag 100

Dommar: Rolf Kåre Almenning, Florø

Gule kort: Ørjan Stedje Ylvisåker, Ole Morten Jevnaker

Raudt kort: Preben Strypet

1-0 44 min, Erlend Osland

2-0 62 min, Kristian Aase

3-0 71 min, Einar Furset

3-1 78 min, Preben Strypet

3-2  81 min, Jonas Hestetun

Årdal FK: Geir Nordnes, Allan Jørgensen, Ole Einar Rebni,Brede Stedje Ylvisåker (Jonas Hestetun frå 63 min), Ørjan Stedje Ylvisåker, Jørn Skjeldestad (Ole Morten Jevnaker frå 72 min), Tim Teigen, Johann Traustason (Fredrik Prestegård frå 77 min), Christian Stedje, Preben Strypet, Morten Brandsdal. 

Me fulgte kampen her

Det vart ein tung dag på Dingemoen stadion i Dale, der me møtte eit hardt kjempande heimelag som absolutt ikkje ville gje frå seg poeng. Trenar Nils Tore har følgande oppsummering:

– Det blei tap 3-2 mot Dale, eit resultat som gjer at Tornado no er sju poeng foran oss. Me må no forsterke ein-kamp-av-gangen-fokuset og vera fullt skjerpa til kvar einaste trening og kamp.

Førsteomgangen mot Dale er det me som har sjansane, mellom anna fire store sjansar der Preben og Allan har dei to største. Preben kjem åleine med keeper og Allan har ein heading etter innlegg som Dalekeeperen med ein fantastisk prestasjon klarer å få ei hand på.

Det er vanskeleg å gleda seg over slike prestasjonar mens kampen pågår, men i ettertid må eg berre gi keeperen all den ros han fortener.

Me styrer førsteomgang, men blir for lite gjennombruddsorientertre. Dale har ikkje ein målsjanse før dei scorar 1-0 målet på ein corner i det 44 minutt.

Andreomgang er opnare, med 1-0 må me køyre på for scoring, og me er nær ved fleire høve.

Etter 2-0 som kjem på straffe etter kontring, legg me om til tre i backrekka og trøkker på, men det er Dale som scorar på ein nok ein kontring.

Etter 3-0 blir det skapt sjansar begge vegar, me reduserer to ganger ved Preben og Jonas og har ein avsluttning frå Brandsdal som me ser i mål, men så var det denne Dalekeeperen som nok ein gang tar fram ein feberredning.

Dale har og store sjansar, blant anna eit skudd i stolpen og straffe som Geir mesterleg redda.

No gjenstår det ein kamp før ferien,Sogndal 2 på torsdag, og den må me vinne skal me ha håp om å true Tornado.

NT