Uavgjort mot Askvoll/Holmedal


ÅFK II kom attende og sikra poeng på bortebane søndag.

Kampfakta Askvoll/Holmedal – ÅFK II 2-2 (2-2)
Askvoll, fin grasbane, men svært glatt.

1-0  ca 20 min Askvoll/Holmedal
2-0 ca 25 min Askvoll/Holmedal
2-1 ca 30 min Christian Stedje
2-2 ca 35 min Christian Stedje

Dommar: Per Oddvar Lien, heilt grei
Gule kort: ingen til ÅFK II, i alle fall. Raudt til Askvoll/Holmedal

Det knytte seg stor spenning til laget denne kampen, ettersom 12 av spelarane for tida ferierer på den spanske riviera, men følgande 12 trødde til for ÅFK i dag:
Stian Karlsen, Alin, Thomasz Malinowski, Gøran Moheim, Joachim Mjøs, Kjetil Karlsen, Kjartan Smedegård, Daniel Eide (Fredrik Jarstadmarken frå 84 min) , Chrisitan Stedje, Brede Stedje Ylvisåker Emil Thune.

Askvoll/Holmedal gjekk hardt ut og tok leiinga på eit langskot som Stian i utganspunktet klarerte. På det glatte underlaget nådde han imiderltid ikkje fram til returen og 1-0 var eit faktum etter om lag eit kvarter.
Litt seinare auka heimelaget leiinga då dei fekk tildelt eit straffespark mange på vår side meiner var særs tvilsomt.

Men Årdal FK kom attende og reduserte først etter om lag ein halv time ved eit kjempeskot frå Emil. Keeper klarerte, men Christian var vaken på returen. Stedje, som sona karantene for gule kort på førstelaget i går, sørga også for utlikning like får pause med eit knallhardt skot frå 25 meter.
Stillinga ved pause skulle altså halda seg heile vegen ut, men det kunne fort ha gått annaleis.

Begge lag hadde nemleg fleire veldig, veldig store sjansar i løpet av dei siste 45 minuttane og det kunne like gjerne ha vorte 8-8. Like etter pause fekk heimelaget ein mann utvist med dei fylgjer at ÅFK vart enno meir offensive og gjekk alle mann i angrep, medan heimelaget i sin tur vart livsfarlege på kontringar.

Alt i alt var innsatsen frå begge lag både stor og solid på eit underlag som var svært prega av store nedbørsmengder dei siste dagane.

– Det er eigentleg eit under at kampen enda 2-2, det kunne ha enda i veldig mykje meir. Det var først og fremst to veldig gode målvakter på kvar si side som utmerka seg i dag, elles hadde nok me ballen det meste av tida og skapte kanskje flest sjansar, men me stressa i angrep, seier trenar Jan Kåre Stedje.

– Eg trur begge lag var nøgde med poengdeling i dag, for begge lag kunne fort ha tapt, seier han.