Varta opp festfotball og tre poeng

Det vart ei perfekt ramme rundt fotballens nasjonaldag på Jotun stadion 16. mai. Ei perfekt grasmatte, strålande sol og mange tilskodarar.

Årdal FK-trenar Ivan Øy var sjølvsagt strålande nøgd etter 4-0 sigeren.

– Me gjennomførte ein solid kamp. Me viste omtrent korleis Høyang ville spela. Dei la seg lågt og satsa på kontringar, og det er naturleg med tanke på vår måte å spela på, seier Ivan.

Me tok leiinga etter eit kvarters spel ved Truls som fekk stå umarkert i 16-meteren til Høyang og heada ballen kontant i mål etter ein corner.

Tjue minutt etter pause var Truls frampå igjen og dobla til 2-0. Scoringa kom etter godt spel der me rulla opp langs venstresida vår. Joachim kom seg til dødlinja og slo 45 grader ut att i feltet til Truls som sette ballen utagbart til side for Høyang-målvakta.

Eit kvarter før slutt auka innbytar Johnny leiinga til 3-0. Eirik Rode førte ballen framover, men vart takla av ein Høyang-spelar. Johnny plukka opp ballen og forserte inn i 16-meteren, og åleine med Høyang-keeper var han iskald og sette ballen sikkert i mål.

Anders Lereng fekk æra av å avslutta scoringsballet på overtid. Innbytar Eirik Thomassen Øren la ein perfekt ball inn frå høgrekanten til Lereng som styrte ballen i nettet.

– Me opna godt dei første 25 minuttane, men vart for unøyaktige i siste tredjedel. Det snakka me mykje om i pausen. Utover i kampen har me meir og meir kontroll, der Høyang vart springande mykje i mellom, seier Øy.

Les korleis kampen utarta seg minutt for minutt på Firda Live si sending her.

Kampfakta:

Årdal – Høyang 4-0 (1-0)

4. serierunde, Kretsligaen, Jotun stadion,  torsdag 16. mai

Tilskodarar: 333

Domar: Jakob Sande Søgnen

Gule kort:

Mål:

1-0 15. min. Truls Hovland

2-0 65. min. Truls Hovland

3-0 73. min. Johnny Aspeseter Hagen

4-0 88. min. Anders Lereng

Lagoppstilling Årdal FK: Sivert Larsson (Leander Øy frå 78  min.), Ørjan Skilbrei, Kjetil Karlsen (Eirik Thomassen Øren frå 88. min.), Brede Stedje Ylvisåker, Serif Isic (Fredrik Aspeseter Sørli frå 46. min.), Nicolai Laberg (Elias Furset Moen frå 80. min), Eirik Rode, Ole Gunnar Kjødnes (Johnny Aspeseter Hagen frå 68. min.), Truls Hovland, Terje Kvam Øvstetun (Anders Lereng frå 85. min.), Joachim Furset (Christian Stedje 76 .min).

Lagoppstilling Høyang: Kristian Raae Johansen (Brage Bjørkhaug Bergset frå 87. min.), Luis Alejandro Nedrebø Maureira, Sander Stølen Olsen, Navdar Omar, Erlend Austreim Giil, Bernard Breidvik, Jcob Frøyen Bergset, Michael Hansen Våge, Jakob Rømo (Robert Alrek frå 65. min), Nikolas Gudvangen Trollebø, Thomas Dyrrdal (Sindre Ulvestad frå 70. min.)