Vel blåst, folkens!

Spelarane våre held viktige tradisjonar i hevd.

Det er nemleg tradisjon at Årdal FK stiller med dommarar når IL Jotun arrangerer knøtteturnering for naboklubbane ÅTIL, Lærdal og Aurland.

Søndag var krøllgraset på Jotun stadion prega av yrande liv og stor entusiasme for ballspelet, heilt slik det pleier å vera. Like eins sette nok det fantastiske vårveret også sitt preg på stemninga, som var upåklageleg.

Med tanke på at nokre av spelarane i turneringa spelte sin aller, aller første kamp, fekk våre karar testa ut ein del pedagogiske evner då dei måtte rettleia, forklara, peika, visa, megla, kanskje turka nokre tårer og dela ut ein heil del skulderklapp til dei unge spelarane.

I fjor fekk IL Jotun som arrangør tildelt månadens Fair Play-pris av Sogn og Fjordane Fotballkrets etter at Lærdal hadde nominert dommarane, og fem av våre spelarar fekk såleis ta del i denne fine heideren.

Me håpa knøttane og supportarane deira hadde ein slike kjekk dag på Jotun stadion som det me hadde.

Takk til Marius, Anders, Sander, Nicolai, Vegard, Alex, Joachim og Simen som representerte Årdal FK på ein flott måte!