Viktig siger over Lærdal

Me jobba hardt og vann ein fortent siger over naboane frå Lærdal.

 

Seriekamp i 4. divisjon

Onsdag 23.06.2010 – Lærdal stadion, gras

Lærdal – Årdal FK2: 0 – 1 (0 – 1)

Dommar: Jarle Andersen, Syril (leia ein svært god dommartrio denne kvelden).

Tilskodarar: Ca 50.

 

Mål:

23. min. 0 – 1 Jonas Hestetun, Årdal FK

 

Årdal FK nytta desse spelarane:

Rewar Talib, Mats Andre Jevnaker, Allan Jørgensen, Kjetil Karlsen, Gunnar Heggheim, Fredrik Prestegård, Daniel Eide, Julian Brons (Trond Hjelle Volden frå 68. min.), Ole Morten Jevnaker, Jonas Hestetun (Rebin Badkan frå 80. min.), Robin Moheim.

 

Godt jobba – fortent siger!

Lokaloppgjera mot Lærdal pleier til vanleg å vera spennande kampar, og det vart det denne gongen og. Men det skuldast at me ikkje greidde å avgjere kampen på alle sjansane våre, og dermed hadde heimelaget sjansen heilt fram til dommaren bles det heile av.

Og dei kunne faktisk utlikna i sluttminutta på eit par sjansar etter dødball, men det spørs om ikkje øvrigheita då hadde grepe inn, for slikt hadde snøgt vorte karakterisert som eit lite ran.

 

No er det nok slik at fotball kan sjåast på frå mange vinklar, og me aksepterar sjølvsagt at Lærdal på si nettside har eit noko anna syn på denne fotballkampen enn det me har…

Det spelar eigentleg liten rolle kva me meiner om dette, både Lærdal og me sjølve, all den tid resultatet gjev oss alle tre poenga. Men me er iallfall godt nøgde med laget vårt denne gongen, etter ein del kampar på vandring i skoddeheimen…

 

Første omgangen var stort sett jevn spelemessig, men me vann sjansestatistikken 4 – 2, og  målet til Jonas midtveges i omgangen gjorde at me fortent leia 1 – 0.

Han snappa ballen frå ein uheldig forsvarar, og aleine med keeper gjorde han ingen feil.

Finspelet mangla nok frå begge lag si side, men me var godt nøgde med både innsats, vilje og positiv innstilling då me rusla i garderoben etter 45 minuttar.

 

Den andre omgangen vart stort sett einvegskøyring mot målet som stod nærmast sjukehuset, og der stod målmannen til Lærdal. Det er likevel ingen grunn til å trekka sjukehuset inn i saka, for kampen var pen og pynteleg den, og alt gjekk føre seg i fred og god orden frå begge laga, og trygt leia av ein solid dommartrio.

Dei første 20 minuttane dominerte me totalt, og Rewar var ikkje borti ballen før kvarteret var gjort unna. Då hadde me skapt mange sjansar, etter tidvis godt spel, men først og fremst etter ei herleg innstilling til å vinne kampen.

Heimelaget virka tamme til dei å vere, og det er lenge sidan at me har fått til så mykje uten at Øystein og laget hans har sagt klart frå kor skapet skal stå, kor ballen skal spelast, korleis duellane skal vinnast og korleis dommaren helst bør blåse.

Alltid i ei god fotballånd, sjølvsagt.

 

Oftast har Lærdal vore det beste laget i desse lokaloppgjera, men nesten alltid går me av bana med poenga i lomma, og ofte ufortent. Denne gongen vann me fortent, for ein gong skuld.

Men då me ikkje sette dei mange sjan