Vinnarar mars og april

I dag presenterer me vinnarane for april og mars i privatsponsorlotteriet. Vinnar for april månad var Ingebjørg Moen som truleg er den eldste vinnaren i dette lotteriet.April vinnar Ingebjørg Moen saman med Magne Felde

Ingebjørg Moen vann eit reisegavekort frå travelnet med verdi 3000 kroner, det samme som vinnaren for mars Sigrun Grindedal. Sigrun sa i ein kommentar til redaksjonen – no var det litt surt at eg ikkje hadde kjøpt sponsorbrev til 150 kroner då hadde eg dobla premien min. Kvar går reisa – eg trur det blir ein busstur, det har eg hatt lyst til ei stund no avsluttar Sigrun.

Mars vinnar Sigrun Grindedal.Ingebjørg Moen kunne fortelje at ho har støtta fotballen i mange år som privatsponsor – eg trur eg har vore med sidan starten og vil nok halde fram med dette enno ei stund, eg har mange ivrige selgjarar i nabolaget veit du. Ingebjørg kjøpte brevet hjå barnebarnet Tor Erik Moen, medan Sigrun kjøpte sitt hjå barnebarnet Daniel Grindedal Kvam. Såleis hadde dei begge noko til felles.

Neste trekning i lotteriet blir under neste heimekamp fredag 3 juni.