Hausten 2003

 

Hausten 2003 kom utsendingar frå fotballgruppene til Jotun og det som då heitte ÅTIL/Lærdal saman for å staka ut ein heilt ny kurs for årdalsfotballen.
Manglande rekruttering og hard konkurranse om sponsorkronene gjorde sitt til at samtalane om ein felles klubb kom på bana, men dette var i realiteten ein tanke som hadde versert på begge sider av Årdalsvatnet i årevis.

Møtet dei heldt den 9.oktober det året var slutten på ein prosess som for mange var svært følelsesladd.

Det hadde vore usemje om alt frå draktfargar til heimearena, men for dei fleste var det namnet det stod på. Både Tangen og Jotun hadde lange idrettstradisjonar bak seg og namna var godt meisla fast i idrettssoga og debattane om kva ein eventuell samla klubb skulle kallast var mange og lange og dukka opp att med jamne mellomrom.

Stiftingsmøtet, som vart endeleg fast sett etter påtrykk frå både publikum og sponsorar, fastslo at den nye klubben skulle spela under namnet Jotun/Årdalstangen og at laget skulle overta Jotun sin plass i seriesstemet. Jotun spelte på denne tida i 3.divisjon, medan ÅTIL/Lærdal hadde etablert seg i toppen av 4.divisjon. Det vart også bestemt at Jotun/Årdalstangen skulle stilla tre seniorlag den fylgjande sesongen, med eit 6.divisjonslag i tillegg til dei to andre.

Fyrstelaget skulle ha Jotun stadion som heimebane og spela i grønt og raudt, medan 4.divisjonskampane skulle spelast i gult og blått på Cuba på Tangen.
Etter ein sesong som Jotun Årdalstangen, med opprykk til 2.divisjon.

Magne Felde var leiar i Jotun/Årdalstangen – ofte forkorta til JÅFK. Han vart dermed også leiar i den nye klubben som fekk namnet Årdal FK under eit ekstraårdinert årsmøte i 2005.

På årsmøtet i mars 2006 tok Geir Kjetil Øvstetun over som leiar, medan Magne heldt fram som nestleiar, dette var etter Magne sitt eige ynskje. Magne var ein svært viktig og svært aktiv del den lange prosessen med å sameina dei to klubbane og la ned uvurderleg innsats i Årdal FK på alle mogleg måtar heilt til han brått gjekk bort i juni 2009. Geir Kjetil Øvstetun har sidan hatt leiarvervet.

Den nye klubben har til no hatt hovudfokus på seniorfotballen i bygda, medan moderklubbane Jotun og Årdalstangen har drive den aldersbestemte fotballen.
Saman skal klubbane skapa eit sterkt og fruktbart fotballmiljø som skal bidra til at einskildspelarar kan få utvikla seg på eit stabilt høgt nivå, samstundes som det også skal ha tilbod til dei som ynskjer å driva fotball med lågare ambisjonar.

Mellom visjonane stiftingsmøtet vedtok var at klubben innan 2010 skulle etablera seg som ein god 2.divisjonsklubb og helst vera med å kjempa om opprykk til 1.divisjon.

Det går ikkje alltid heilt etter planen, det går heller litt meir opp og ned, for etter nedrykket frå 2.divisjon, har Årdal FK i staden etablert seg som eit godt 3.divisjonslag. Me har spelt i vestlandsavdelinga og møtt bergenslaga og me har spelt to sesongar i avdelinga som inneber mange og svært lange reiser oppover til Møre.

Før sesongen 2016 fekk Årdal FK gjennomslag hjå Norges Fotballforbund for å bli plassert i ei av austlandsavdelingane, noko som har ført til ei rekkje nye motstandarar og beskjentskapar her på Jotun stadion.

Når det nye seriesystemet vert sett i verk frå sesongen 2017, vert Årdal FK ein del av den nye 4.divisjonen, noko som heilt sikkert vil by på nokre heftige lokaloppgjer av den gode gamle sorten.