Gledeleg gjensyn med nytt comeback 

Usedvanleg fredeleg fotballkamp i Valdreshallen denne gongen.

Årdal FK vann 2 – 1 over Hallingdal i ein svært jevnspela kamp i Valdreshallen på Leira.  Det sto 1 – 0 til pause, etter at Nicolai forserte fint inn frå venstrekanten og avslutta med eit godt skot, som keeperen måtte gje retur på.

Anders var kjapt framme og netta kontant fra kort hald. I andre omgangen auka me leiinga, etter eit «omvendt» mål, der Anders gjorde eit glimrande forarbeid på venstresida og fann Nicolai med ein nydeleg pasning, som han ekspederte vakkert inn i vinkelen.

Hallingdal var svært mykje med på notane, og dei skapte ein del sjansar i heile kampen. Godt keeperspel av Sivert, kombinert med inneffektive spissar, gjorde at dei kun laga eit mål i sluttminuttane. Dommaren peikte heilt korrekt på straffemerket, etter ei soleklar halding frå ein av våre forsvararar.

Me hadde og sjansar, men me var omtrent like inneffektive som gjestene frå Hallingdal. Kampen slutta såleis med ein knepen siger til oss, noko me sjølvsagt er nøgde med.

Kampen var eigentleg ei grei gjennomkøyring fra begge laga, og det vart ein fredfylt affere, med lite frispark. Dommar Svenn Olav Fossholt hugsar me sjølvsagt som ein glimrande spiss på Hedalen i mange og, og seinare Sør-Aurdal.

Han var i dag leiar for ein dommarkvartett (ja, til og med 4.dommar! ) som hadde full kontroll, og det var ein fin tone mellom laga.
Flott hall, godt arrangement og kjekt med nye motstandarar.

Årdal FK mangla mange spelarar denne gongen og, grunna arbeid, ferie og skader, og det var såleis eit ungdommeleg mannskap me nytta.

Men desse greidde seg godt, og det var spesielt hyggeleg å sjå att Sander Bjørkum Øvstetun, som var i fint driv i fjorårssesongen då han øydelagde kneet i juni månad. Han var attende i dagens kamp, noko me tykkjer er veldig kjekt.

Kampfakta:

Årdal FK – Hallingdal 2 – 1 ( 1 – 0 )

Valdreshallen, Leira

Laurdag 23.02.19

Dommar Svein Olav Fossholt i spissen for ein dommarkvartett som var svært god i ein usedvanleg fredeleg kamp.

Mål:

44. min. 1 – 0 Anders Lereng ( assist. Nicolai Laberg )

60. min. 2 – 0 Nicolai Laberg ( assist: Anders Lereng )

89. min. 2 -1 Hallingdal ( etter eit klart straffespark )

Årdal FK nytta desse spelarane:

Sivert Larsson, Elias Moen, Edvin Hestetun ( Edin Alme Turkovic etter 60. min. ), Stian Laberg, Serif Isic, Brede Stedje Ylvisåker, Andreas Reseland ( Sander Øvstetun etter 65. min. ), Nicolai Laberg, Marius Loftheim, Anders Lereng, Terje Kvam Øvstetun.

Med til historia høyrer og at Årdal FK 2 og spelte kamp i Valdreshallen like etter at førstelaget spelte, og det var Nordre Land som var motstandar. Kampen enda med tap 0 – 3, men det vert rapportert at det svært unge laget vårt greidde seg godt, dei og.

Årdal FK2 stilte med følgjande lag: Leander Øy, Mathias Rinde, Alex Majo, Edin Turcovic Alme, Martin Sletten, Malin Gunderson, Bjarte Opheim, Lars Jevnaker, Nicolai Nygård, Håkon Wigum, Frode Molland Sanden, Elias Trollebø og Teklit Andai.