05.05.2019 - Morten Sortland
Me er i det gåvmilde hjørnet om dagen.
Laurdag var det trekning i privatsponsorlotteriet, der me trekk ein vinnar per månad som vinn eit verdikort pålydande anten 3000 eller 6000 kroner.
Verdikorta er levert av vår sponsor Sogn Sparebank og kan brukast i butikkar over heile verda, samt i nettbutikkar.
Desse vann kvar sitt kort i årets første trekning:
Januar: Miriam Øren – verdikort på 6000 kroner
Februar: Marion Stedje – verdikort på 3000 kroner
Mars: Liv Einan – verdikort på 3000 kroner
April: Ørjan Loftheim – verdikort på 6000 kroner
Premiane kan hentast på Tangen sport.
Privatsponsorane sine bidrag er ei utruleg viktig støtte for Årdal FK og me er naturleg nok særs takksame for kvar og ein. Det gjer at me kan halda fram med å drifta og utvikla klubben til å vera eit solid tilbod til fotballspelarar på ulike nivå og i ulike aldersgrupper.
Me treng fleire, så viss du vil støtta opp om årdalsfotballen og melda deg på i konkurransen om dei flotte premiane me trekker ut kvar månad, er du hjertelig velkommen i klubben vår.
Ta kontakt med Jan Are Øvstetun på Tangen sport, så blir det nok ei råd.