13.08.2019 - Eirik Laberg

Malin har vore høgt og lågt sidan ho innkasserte hovudpremien for juni månad.

Det har vore trekning i privatsponsorlotteriet, der tre av våre trivelegaste privatsponsorar stakk av med kvar sitt verdikort levert av vår hovudsponsor, Sogn Sparebank.

Verdikortet kan nyttast til betaling i butikkar verda over og dessutan også på nett.

Malin Kvam Øvstetun vart særs overraska då ho troppa opp på Jotun stadion akkurat i tide til å sjå andre omgangen vår mot Studentspretten sist tysdag. Då hadde ho nett gått av mangetimarsskift og var klar for ein aldri så liten ferie.

Der kunne nemleg pappa Bjørn overrekka eit verdikort på 3000 kroner han nett hadde henta i speakerbua då Malin vart utropt som vinnar for juni månad.
- Utruleg gøy. Dette blir eit fint tilskot til feriekassa, slo Malin fast.

Saman med sambuar Ole Johnny sette ho kort tid seinare kursen for Tyskland, landsbyen Soltau og ein av verdas største forlystelselsparkar, Heide park. Der har det gått i hundre og ti, nesten bokstaveleg talt dei siste dagane, med berg- og dalbaner og karusellar.
I følgje rapportane går turen no vidare til Brüssel.

Årdal FK er naturleg nok særs glade for å kunne bidra til ferien – men me er endå gladare for at Malin og dei andre privatsponsorane våre støttar opp om klubben og arbeidet vårt.

Privatsponsorane er ei av våre viktigaste inntektskjelder og stødie støttespelarar.
Har du lyst til å vera med og bidra, ta kontakt med Jan Are Øvstetun, epost jan.are.ovstetun@mail.ardalsnett.no eller telefon 48218349.
Ta eventuelt turen innom Tangen sport og gjer ein god handel i same slengen!

Me gratulerer vinnarane så mykje, snart er det nye sjansar igjen, folkens!

Vinnar mai: Bjørge Kilen, 6000,-
Vinnar juni: Malin Kvam Øvstetun 3000,-
Vinnar juli: Terje Lægreid 6000,-