29.01.2020 - Eirik Laberg
Slik kan du støtta opp om klubben og bygda – og vinna tusenvis av kroner samtidig.
Storbyferie? Fotballtur til England? Europas største tivoli? Ny sofa?
Dei lukkelege privatsponsorvinnarane våre kan garantert skriva under på at det kan løna seg å vera med. Sjansane for å vinna i privatsponsorlotteriet vårt er nemleg særs gode – mykje betre enn i Lotto. I tillegg kan du vera heilt trygg på at innsatsen din blir verdsett og forvalta til det beste for ungdommen i bygda.
I desse dagar startar salet av privatsponsorbrev for sesongen 2020. Me håpar endå fleire vil vera med og støtta opp om det viktige arbeidet Årdal FK gjer for å skapa eit godt tilbod til dei eldste fotballspelarane i bygda.
Leiar Geir Kjetil Øvstetun er tydeleg på at det er heilt nødvendig å verva fleire privatsponsorar.
- Dei siste sesongane har me kanskje ikkje vore heilt der me tykkjer me skal vera når det gjeld akkurat dette, så i år har me lova oss sjølve at me skal bli endå betre, slår han fast.
Privatsponsorane våre er vår desidert viktigaste inntektskjelde. Kvar einaste månad bidreg til saman rundt 100 privatpersonar med kjærkomne kroner til klubbkassa vår.
Det at dette er stabile inntekter for oss, gjer sitt til at Årdal FK har ei god økonomisk plattform å basera drifta på.
No håpar me endå fleire vil bli med.
Målet er nemleg å selja til saman dobbelt så mange privatsponsorbrev denne sesongen.
Slik kan du bidra:
Du bestemmer sjølv om du vil bidra med 110 eller 160 eller 200 kroner per månad.
Det betyr også at du er medlem av klubben. Dersom du veljer å støtta med 200 kroner i månaden, får du også frikort til kampane våre i inneverande sesong.
Alle våre privatsponsorar er med i lotteriet som blir trekt den 30. kvar månad frå januar til desember.
Her kan du vinna tusenvis av kroner, avhengig av kva sum du bidreg med.
Støttar du med 110,- per månad, kan du vinna 3000 kroner.
Støttar du med 160,- per månad eller 200,- per månad, kan du vinna 6000 kroner.
Vinnarane får kvart sitt verdikort som er levert av vår generalsponsor Sogn Sparebank.
Dette kan nyttast i alle butikkar som har betalingsterminal også i utlandet – eller i nettbutikkar.
- Me håpar og trur at endå fleire vil vera med oss denne sesongen. Me har rykka opp ein divisjon, noko som også betyr at me får ein del ekstra reiseutgifter. I tillegg er det veldig viktig for oss at me har sunn økonomi i klubben. Dei siste åra har rekneskapen synt at me har god, men nøktern drift. Det er mellom anna takka vera dei trufaste støttespelarane våre, både i næringslivet og blant privatsponsorane, seier Geir Kjetil.
Dersom nokre av spelarane våre bankar på di dør i tida som kjem, håpar me at du vil ta godt i mot dei. Det er flott årdalsungdom som kvar einaste veke engasjerer store og små, unge og gamle årdøler i det å skapa eit godt fotballtilbod.
Vil du også vera med?
Ta kontakt med Jan Are Øvstetun styremedlem og privatsponsoransvarleg på telefon: 482 18 349 eller mail jan.are.ovstetun@mail.ardalsnett.no.
Du finn han som regel også på Tangen sport.