02.04.2020 - Eirik Laberg

Nokon har bra vinnarlykke for tida.

Me har trekt privatsponsorlotteriet for årets to første månader og er særs gilde for å kunne opplysa om at følgjande har vunne:

Januar: Guro Thomassen
Februar: Geir Johnny Dahl

Velinformerte kjelder i bingomiljøet opplyser at det er snakk om den samme Guro Thommassen som sist veke stakk av med heile den store potten i radiobingoen til Radio Luster.

Begge får kvar sitt verdikort levert av vår gode samarbeidspartnar og generalsponsor Sogn Sparebank.
Verdikorta kan brukast i alle butikkar som har kortterminal, både i inn- og utland og dessutan også i nettbutikkar.
Premiane kan hentast på Tangen sport, der det sjølvsagt også er høve til å bruka dei.

Tusen takk til både Guro, Geir Johnny og alle dykk andre privatsponsorar som kvar einaste månad syter for at me har gode, stabile inntekter i klubbkassa vår.

Me gratulerer så mykje!

PS: Vil du bli privatsponsor?? Ta kontakt med Jan Are Øvstetun på epost: jan.are.ovstetun@mail.ardalsnett.no eller telefon 48218349