11.05.2020 - Eirik Laberg

Nokre ting går som planlagt – korona eller ikkje!
Trekning i privatsponsorlotteriet har me kvar einaste månad, heilt uavhengig av kor mange meters avstand me må ha eller kor mykje antibac som må til.

Etter at teljekorpset hadde hatt trekning for mars og april, viste det seg at både Bjørn Øvstetun (mars) og Ørjan Hestetun (april) stikk av med kvar sitt verdikort pålydande 6000,-

Verdikorta er levert av vår hovudsponsor, Sogn Sparebank og har den geniale eigenskapen at det kan nyttast til betaling i butikkar verda over og dessutan også på nett.

Privatsponsorane er ei av våre viktigaste inntektskjelder og stødige støttespelarar.

Har du lyst til å vera med og bidra, ta kontakt med Jan Are Øvstetun, epost jan.are.ovstetun@mail.ardalsnett.no eller telefon 48218349. Ta eventuelt turen innom Tangen sport og gjer ein god handel i same slengen! 

Me gratulerer vinnarane så mykje, snart er det nye sjansar igjen, folkens!