22.09.2020 - Eirik Laberg
Dei mødrene der held berre eit utruleg høgt nivå, seier trenar Morten Brandsdal.
Ingen sesong betyr stengt kiosk og stort sakn for mange fleire enn berre mødrene våre, som saknar dei trivelege kampdagane meir enn noko andre. For å få vera litt i lag, ha det kjekt og finna på litt sprell, gjekk mødrene våre i studio for å synga ut om saknet etter breiddefotball. - For ein gjeng!
Alle veit at desse mødrene, dei held eit utruleg høgt nivå, seier trenar Morten Brandsdal. Han legg til: - Dette er berre så gøy - og så utruleg viktig for klubben og laget og heile identiteten til Årdal FK.