07.03.2021 - Morten Sortland

Per Kopperdal tek over som leiar i Årdal FK etter Geir Kjetil Øvstetun.

Det blei klart under årsmøte onsdag 3. mars, der Geir Kjetil Øvstetun takka for seg etter 15 år som leiar.

Men det betyr ikkje at GK er heilt ute, han vart vald inn som styremedlem. Det er Per glad for.

– Geir Kjetil fortener mykje skryt for den innsatsen han har lagt ned for klubben og fotballen i Årdal i så mange år. Han blir med vidare og det tykkjer eg er veldig kjekt. Han har sagt at han ikkje skal ta så stor plass, men han er ein ringrev, så det kan vera greitt å få nokon innspel.

Slik er styret i Årdal FK samansett: Per Kopperdal (leiar), Geir Kjetil Øvstetun, Jan Are Øvstetun, Kirsti Gulbrandsen, Christian Stedje, Kenth Lægreid og Inge Seglem.

– Eg er ein roleg, laidback og positiv fyr. Som leiar styrer eg ikkje med hard hand, men prøver å få alle rundt meg til å bidra. Eg håpar at me kan dra i same retning alle saman, seier Per til Sogn Avis.
- Så må eg seia at det ser kjekt ut med laget me har i dag. Det er mykje positivitet og mange bra spelarar her. Me har dyktige trenarar som er flinke til å motivera, så no handlar det berre om å få folk på kamp når me får grønt lys til å starta opp.