13.09.2021 - Morten Sortland
Me bøyer oss i hatten for Geir Kjetil og den jobben han gjer.
- Ein tydeleg leiar som betyr veldig mykje for veldig mange, spesielt ungdom.
Slik summerer styremedlem i Sogn og Fjordane fotballkrets, Marie-Helene Hollevik Brandsdal opp grunngjevinga for at Geir Kjetil no er tildelt honorært leiarstipend frå Norges Fotballforbund.
Leiarstipendet vert gjeve til personar i kretsen som har gjort ein særskild innsats primært på leiarsida, heiter det i statuttane.
- Geir Kjetil har vore med på å starta Årdal FK i utgangspunktet og har vore leiar sidan 2006, han har vore ein brubyggar og ein bauta, både i fotballen i Årdal men også i lokalmiljøet – og i heile regionen elles, seier Brandsdal.
Det er ikkje så rart, sjøvlvsagt, når ein har halde på med fotball sånn cirka heile livet. Geir Kjetil gav seg som aktiv spelar på slutten av 80-talet, men heldt fram med å ha ei rolle i ÅTIL og seinare ÅTIL/Lærdal. Etter tusenårsskiftet var han sterkt medverkande til at at Jotun og Tangen til slutt greidde å einast om ein felles lag, Jotun/Årdalstangen, som seinare vart Årdal FK.
- Det har vore både opp-og nedturar, konstaterte ein overraska, men også gild nestleiar etter overrekkinga i pausen i kampen mot Ready denne helga.
Dei som har følgd oss gjennom fleire år, veit kor mykje innsats Geir Kjetil har lagt ned for klubben, ikkje minst med tanke på å sikra at klubben har ein sunn økonomi. Han har også vore trenar for ÅFK 2 gjennom ei årrekkje – i tillegg til alt mogleg anna av stort og smått som skal til for å driva ein klubb som vår.
- Det er noko med at ein ønsker at det skal vera eit godt tilbod her i bygda til dei som vil spela fotball, seier Geir Kjetil.
- Årdal bør ha eit slikt tilbod og nokon må gjera jobben for at det skal skje. Eg har hatt mange gode støttespelarar med meg gjennom mange år, dette er ikkje noko enkeltmannsforetak, dette er eit lagspel!
I tillegg til å vera ei av dei sterkaste drivkreftene i fotballmiljøet i Årdal gjennom ein mannsalder, er Geir Kjetil også kjend som lærar og rektor ved Årdal vidaregåande skule. Han har også teke på seg jobben som festivalsjef for Målrock, men har etter to forsøk framleis ikkje fått lov til å arrangera sin første festival.
- Han er ein viktig tilretteleggar for mykje god aktivitet i lokalsamfunnet, det har vore ein faktor i det at ein no ønsker å tildela Geir Kjetil ei slik heider. Det handlar om bidra til å skapa trygge nærmiljø for alle, spesielt born og unge, seier Marie-Helene Brandsdal.
Leiarstipendet heng høgt i NFF og nålauga er trongt i konkurranse med mange eldsjeler som gjer ein stor jobb for fotballen. Det aller første honorære leiarstipendet som vart delt ut i 1981 gjekk til Carsten Skuggen Hoff. Seinare har også Henrik Rønningen, Øystein Wangen og Magne Felde fått stipendet for sitt arbeid i IL Jotun. Jan Kåre Stedje har fått for sitt arbeid med ÅTIL og ÅTIL/Lærdal
Me gratulerer Geir Kjetil så mykje og tykkjer det er så utruleg vel fortjent!