30.10.2021 - Hanne Stedje
Målmannen Marcus Dyngeland kom til oss i byrjinga av denne historiske sesongen og vart raskt ein sentral spelar. Han synte seg å vera ein skikkeleg grei kar òg - difor tykkjer me det er kjempetøft at han er kåra til Årets Spelar! Gratulerer så masse, Marcus!!
Jacob Frøyen Bergset har skåra nesten halvparten av måla våre denne sesongen - og er dermed Årets Toppskårar! Me gratulerer så mykje og takkar for flotte mål!
Han som feira 16-årsdagen sin sist helg med å skåra sitt andre mål for sesongen, han vart kåra til Årets Unge Spelar! Me gratulerer så mykje til Joakim Berg Nundal og gler oss til fortsettelsen!
Årets spelar på ÅFK 2 er Andreas Bjørkum Øvstetun - vår dedikerte og engasjerte kaptein som har stått fram som ein bauta gjennom den eine knokkelkampen etter den andre.
Sander Bjørkum Øvstetun er årets toppskårar for ÅFK2 - han står for ein femtedel av våre til saman 15 mål i årets sesong. Me gratulerer så masse, bra kara!!
Takk for i år! Og takk til Sogn Sparebank for at de alltid er på vårt lag!
Og takk til Elin for denne oppsummeringa av sesongen for ÅFK 1: