29.11.2021 - Eirik Laberg
- Dette kjennest verkeleg stort, eg er veldig audmjuk og særs takksam for at nokon tykkjer eg fortener ein slik pris, seier Jan Kåre Stedje, som vart tildelt Kjosen-prisen under jubileumstinget til Sogn og Fjordane fotballkrets laurdag kveld.
Kjosen-prisen er også kjend som Eldsjel-prisen og skal tildelast «eit klubbmedlem som i ei årrekkje har utfort ei særs oppofrande og tidkrevjande oppgåve i klubben. Den skal tildelast ein kjend og kjær person i klubben som alle set høgt og vil heidre», heiter det i kriteria.
For oss i Årdal FK kjem det ikkje som ei overrasking at Jan Kåre vart innstilt til nettopp denne prisen. Han har stort sett vore samanhengande i trenargjerning eller som leiar og sportsleg leiar frå 1977 til 2021 i klubbane Årdalstangen IL, IL Jotun, FK Jerv, ÅTIL /Lærdal og Årdal FK.
Han har vore hovudtrenar for lag i samtlege aldersbestemte klassar, kretslag for gutar og junior, samt hovudtrenar på seniornivå i samtlege divisjonar – bortsett frå Eliteserien.
Han har også vore aktiv dommar på kretsnivå i nokre år.
Jan Kåre har stort sett teke alle kurs som NFF tilbyr innan trenar- og leiarutdanning og er utdanna D-trenar, i tillegg til at han også har leiar 3-kurs. I dag er desse utdanningane klassifisert litt annleis enn tidlegare, med UEFA-lisens.
Så tidleg som i 1978 fekk han stipend frå NFF til studieopphald i Southampton FK og har også vore på tilsvarande studieopphald i IKG Göteborg, FC Utrecht og i Manchester United (!).
Han har fått Blå diplom frå Sogn og Fjordane fotballkrets og Grøn diplom frå NFF.
Kjosen-prisen er den gjevaste av alle prisar som vert delt ut på det tradisjonelle tinget og konkurransen er sjølvsagt skyhøg med tanke på den enorme innsatsen så mange legg ned for fotballen i fylket vårt.
- Du går ikkje rundt og trur at du skal få ein slik pris, og det er ufatteleg mange rundt om i klubbane som gjer ein fantastisk jobb, men det er få som får ein slik pris, sjølv om dei hadde fortjent det, seier Jan Kåre.
Han kjende Olav Kjos-Wenjum, som har gjeve namn til prisen, personleg.
- Ein fantastisk mann som har vore eit førebilete i det å vera ei eldsjel. Det er med stor respekt at eg tek imot denne prisen.
Då grunngjevinga frå juryen vart framført, tok det ei god stund før Jan Kåre skjønte at det var han det var snakk om. Det som verkeleg har komme som ei overrasking, var den enorme responsen han fekk etterpå.
- Det var 280 til stads i salen, det var ståande applaus og heilt ubegripeleg mange gratulasjonar – eg må seia at eg er rett og slett overvelda. Det har også komme helsingar i sosiale media og på telefon, den har ikkje stått stille sidan laurdag kveld. Det hadde eg ikkje venta, det må eg verkeleg seia. Eg set enormt stor pris på alle gode ord og helsingar – hjarteleg tusen takk til alle, seier Jan Kåre.
Her i Årdal FK er me sjøvlsagt særs godt nøgde og veldig stolte over prisen og gratulerer så mykje!