17.01.2022 - Per Kopperdal

Kjære alle!

Vel overstått jul og eit riktig godt nytt år ønskjer me dykk no i starten av det som forhåpentlegvis blir det siste med dei heilt uvanlege forholda verda har hatt sidan pandemien braut ut.

Ja, me var skuffa over at me ikkje nådde dei sportslege måla me hadde sett oss for 2021, det legg me ikkje skjul på. Men etter litt tid til refleksjon og rekreasjon, har me no lagt det bak oss.
Når myndigheitene no opnar opp for utandørs trening også for vaksne, er me klare til å ta fat på ein ny sesong.

Ny vår og ny sesong byr i fotballverda også oftast på utskifte og innbyte, slik er det også for oss, sjølv om dei fleste har signalisert at dei vil vera med vidare.

Ørjan Cafu Skilbrei og Serif Isic har på si side meldt overgang til Lærdal, som gledeleg nok vil vera å finna i seriesystemet med seniorlag den kommande sesongen.

Desse lokaloppgjera har vore eit sakn dei seinare åra. Me takkar dykk begge for eineståande innsats for klubben vår gjennom mange år og ynskjer lukke til!

Jacob Frøyen Bergset held fram med å spela i 3.divisjon etter at han no har meld overgang til Førde.
Målmann Markus Dyngeland – som vart kåra til Årets Spelar 2021 – har også vald å søka nye utfordringar. Me takkar begge for ein særs solid sesong i raud drakt og ønsker lykke til vidare.

Terje Kvam Øvstetun har vald å legga skoa på hylla og bli fotballpensjonist, noko me respekterer, sjølv om me tykkjer det er i tidlegaste laget og håpar på eit comeback. Det vil i så fall ikkje vera første gong ein profil i årdalsfotballen ombestemmer seg og kjem tilbake.

Sivert Larsson har vore plaga med skader den seinare tida og er no i gang med keepertrenarutdanning. Han tek over som keepertrenar etter Per Einvald «Pirri» Aspevik, noko me er særs takknemlige for. Samstundes rettar me ein stor takk til Pirri for eit fantastisk flott engasjement for klubben vår gjennom mange år – og ønsker lykke til vidare når han han no går over i ein ny stilling i Sogn og Fjordane fotballkrets som keeperutviklar.

Me håpar verkeleg på at det blir full sesong i 2022 og at heimepublikum både på Jotun stadion og på Cuba vil vera der i lag med oss i kampen om opprykk.

Styret og klubben ønskjer å takka alle våre sponsorar med generalsponsor Sogn Sparebank i spissen, alle dei frivillige som stiller opp for oss i; det er takka vera dykk at me kan få lov til å halda på med det me likar absolutt aller best.

Det er likevel slik at nettopp fotball til sjuande og sist betyr så forsvinnande lite når alt kjem til alt. I staden finn me samhald i den fellesskapen den gjev oss. Den seinare tida har vore tung, og me i klubben hatt vanskar med å halda fokus på det sportslege etter at covid-19 råka ein av våre aller største drivkrefter i fotballfamilien.

Våre tankar er hjå Geir Kjetil og hans næraste med håp om god betring.

Beste helsing
styret i Årdal FK
v/leiar Per Kopperdal