12.02.2017 - Morten Sortland

Det enda med fem baklengs og tap for Sogndal i dag, men me er likevel godt fornøgde med årets vinterserie.

Me landa til sist på tredjeplass i pulja vår i vinterserien for juniorar, bak Sogndal som vann og Førde på andreplassen.
Bak oss har me Høyang, som me også slo 4-0 i den eine kampen me vann.
Fasiten er altså ein siger og to tap. I utgangspunktet er vinterserien ein kvalik til NM-cupen for juniorar, men me har uansett ikkje høve til å kvalifisera oss til dette, ettersom samansette lag ikkje kan delta.

Likevel er dette veldig viktige treningskampar som må prioriterast for juniorane våre og me er godt nøgde med gjennomkøyringa no i vinter. Det er mange som har fått vist seg fram og gjort ein god figur - mange av desse er aktulle for spel på førstelaget, seier ein talsmann for trenarteamet.

Kampen mot Sogndal på krøllgraset på Jotun stadion laurdag var den siste i den innleiande runden.
Gjestene  leia 2-0 til pause, etter to tabbemål frå heimelaget, i ein sjansefattig omgang.
Etter pausen gjekk Sogndal kjapt opp til 3 - 0, og kampen var i røynda avgjort.
Dei kvitkledde auka med ytterlegar to mål utover i omgangen, før Marius Loftheim reduserte på eit fint skot, etter ein like fin pasning fra Simen Mannsverk.
Sogndal vinn heilt fortent, men heimelaget burde ha laga fleire mål på nokre av dei gode sjansane sine.
 
Best hjå årdølene var Vegard Bukve, Anders Lereng og Joachim Furset, medan Nicolai Laberg og Alexander Barsnes og synte seg fra ei god side. Ros må ein og gje til Stian Laberg i heimelaget sitt mål, ein plass som den gode forsvarsspelaren tok ansvar for etter eit keeperforfall like før kampen. Bra Stian!
 
Årdal/Jotun/Årdalstangen nytta desse spelarane: Stian Laberg, Alexander Barsnes, Vegard Bukve, Sander Øvstetun, Mathias Rinde ( Andreas Reseland frå 46. min. ), Marius Loftheim, Simen Mannsverk, Eirik Lereng ( Jacob Hovland frå 75. min. ), Joachim Furset, Anders Lereng, Nicolai Laberg.